– Nei, det blir ikkje noko meir. Vi ventar til eit vedtak eventuelt er gjort, seier ordførar Audun Åge Røys (H).

– Har du snakka med kollegaene i Vågsøy og Flora i det heile?

– Nei, vi har ikkje snakka om det. Vi har ikkje vore i kontakt om denne saka, men vi snakkast jo av og til om andre tema, som til dømes Kystvegen.

– Så dette temaet ligg brakk til det ligg føre eit vedtak?

– Ja, det gjer det.

No har det gått ei veke sidan Bremanger fekk nyheita om Fylkesmannen si tilråding. Røys opplever at tilbakemeldingane han får frå folk, både frå nei-sida og ja-sida, handlar om at folk ikkje vil ha dette tredd nedover hovudet.

– Folk er stort sett negative til tvangsbruk. Sjølv om det er enkelte som kan tenke seg ein større kommune, meiner dei det må skje frivillig. Det er det som er gjennomgangstonen.

– Kva har du gjort for å synleggjere Bremanger sin ståstad for sentrale politikarar?

– Eg har løpande dialog med Bjørn Lødemel (H). Hans ståstad er han er avventande og vil sjå kva som skjer, seier Røys.

I kommunestyremøtet torsdag orienterte Røys om møtet han hadde med Fylkesmannen der ho forklarte bakgrunnen for tilrådinga om å inkludere Bremanger i Vågsøy-Flora. Kommunestyret stilte seg så bak ein uttale som presiserer vedtaket dei gjorde i fjor om at Bremanger vil stå åleine.

– Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad stemte under landsmøtet ja til bruk av tvang, men presiserte overfor NRK at dette ikkje gjaldt i Bremanger sitt tilfelle. Kva meiner du om det?

– Eg har inntrykk av at naboane ikkje ønskjer tvang mot Bremanger. Men Stortinget har sagt at tvang kan brukast i enkelte tilfelle.

– Så du trur på Maurstad?

– Ja, eg stoler på folk til det motsette er bevist, seier Røys, som meiner Bremanger ikkje fell inn under kriteria for kommunar som kan tvangssamanslåast.

– Når ein ser på tvangsvedtaka som er gjort passar ikkje Bremanger kriteria. Tvang er brukt der dagens kommunar heng saman geografisk og kommunikasjonsmessig. I vårt tilfelle er kommunen geografisk veldig oppdelt, og området heng ikkje i hop.