– Vi tilbyr eigentleg absolutt alt ein treng til eit arrangement. I staden for at du skal forholde deg til ti forskjellige leverandørar, så kan du forholde deg til oss, og vi held kontakta med leverandørane. Vi prøver å bruke lokale både på mat og blomster, og lokale butikkar. Vi vil vere ein totalleverandør innan event, seier dagleg leiar Monica Egeberg.

Tredobla forventa omsetnad

23-åringen frå Raudeberg starta Mica Event i februar i fjor, og ser at det finst ein marknad for festplanleggarane, som arrangerer alt frå bursdagar og bryllaup til fest og julebord for både privatpersonar og bedrifter.

Les meir om «Likestilt» her.

– Det er verkeleg eit behov. Etterspurnaden aukar raskt. Det første året tredobla vi forventa omsetnad, så det har vore veldig kjekt, seier Egeberg.

Selskapet har bestillingar utover sommaren.

– Og så går vi knallhardt inn for å få fullt opp til hausten med julebord, og det begynner å komme førespurnader heile vegen framover, seier Egeberg, og fortel at dei allereie er booka inn til konfirmasjon i Selje i 2019.

Med seg har ho Malene Lunde Sætren i 20 prosent stilling som økonomiansvarleg, og Ingvild Kupen Sætren i fulltidsstilling med særleg ansvar for det kreative.

– Det blir å kome opp med idear til arrangementa og stå for dekorering. Det er ein gamal draum eg hadde då eg var ung, seier Ingvild Kupen Sætren.

Når selskapet no flyttar inn i lokale i Gate 1 i Måløy, håpar dei at endå fleire skal få auga opp selskapet.

– Det blir jo gjerne ein del møteverksemd i forkant av selskap, og då har ein moglegheit for å komme hit, i staden for at vi reiser land og strand rundt, seier Ingvild Kupen Sætren.

Føler seg fram

Å vere gründer har så langt vore ein lærerik prosess for raudebergaren.

– Ein må føle seg litt fram, ein veit ikkje kva som er rett og gale. Eg har vore heldig og fått hjelp av dei riktige støttespelarane. Mange kjem til meg og seier «wow, det er tøft gjort å starte eiga bedrift når du er så ung». Og då tenker eg at det ikkje er så vanskeleg eigentleg. Eller så er det slik at eg ikkje skjønar kva eg har gitt meg ut på, ler Egeberg og fortset:

– Det er veldig spennande å starte bedrift. Ein lærer enormt mykje nytt. Og så er det mykje arbeid, men det er kjempegøy!

Ho fortel at ho alltid har likt å stelle i stand til fest.

– Heilt frå eg var lita har eg elska å lage til selskap. Det er alltid noko å feire. Mottoet vårt er at ein skal få være gjest på sin eigen fest. Ein treng berre å møte opp til duk og dekka bord, kose seg og så gå igjen etterpå. Folk kan kontakte oss om det er eit lite eller stort oppdrag, om ein vil ha hjelp til alt eller berre delar av eit arrangement, seier Egeberg, som fortel at de minste dei har gjort er å leige ut ein servitør, medan det største var ein fest for 500 menneske i Samfunnshallen.