Les meir om «Likestilt» her.

– Havfiskesporten er jo ganske dominert av menn, derfor synast vi det er ekstra artig at ein havfiskefestival er drevet av ein så stor del kvinner. Utover styret, der tre av fem representantar er kvinner, er også eg som dagleg leiar og sju av ti komiteleiarar kvinner. Det må jo vere uvanleg i havfiskesamanheng, men vi ser på det som veldig positivt, seier dagleg leiar for Måløy Havfiskefestival Sunniva Oldeide.

Sjølv går ho inn i sitt andre år som leiar for arrangementet, som i år går føre seg for sjette gong.

– Det har vore veldig mange damer som har vore frivillige. Dei har nok vore i eit lite fleirtal på frivilligsida, men no har vi auka talet kvinner også i leiarposisjonane. Vi har vore bevisste på at vi vil ha med yngre folk og fleire damer. Det har vi jobba aktivt for, seier ho.

Håpar å rekruttere

Den daglege leiaren håpar at fleire kvinner i leiarverv i festivalen skal føre til at fleire damer får opp auga for havfiskesporten.

– Det er det som er tanken. Attkjenning gjer at ting blir meir interessant og vi håper at dette kan spreie seg. I vår eigen klubb, Nordfjord Havfiskeklubb, er ein av dei beste ei dame, slik er det også på landsbasis. Vi prøver å skubbe desse fram som profilar for sporten, forklarar ho.

– Eg trur det er så enkelt at den eine drar den andre med seg. Vi har jobba med å snu tankegangen i festivalen, og då har det balla på seg, seier festivalsjefen og legg til:

– Eg meiner heilt klart at ein får eit betre arbeidsmiljø og ein annan dynamikk når ein har med seg representantar frå begge kjønn. Eg trur vi gjer ein viktig jobb når vi skubbar fram damer og jenter ved å gi dei leiarroller. Vi jentene har mykje meir å by på enn vi trur sjølv. Det skal seiar at vi har hatt menn som har gjort ein kjempejobb i leiinga lenge, men det er kjekt at vi kan vise den andre sida også.

Ny styreleiar

Under generalforsamlinga i mars vart Mette Sandal valt til styreleiar for Måløy Havfiskefestival.

Som styreleiar synast Sandal det er kjekt å sjå at dei får med fleire damer i festivalleiinga.

– Eg trur eigentleg at det er litt tilfeldig, men samstundes vise det at vi har mange bra damer som ikkje er redde for å ta i eit tak. Eg trur det er ei styrke at vi har med både menn og kvinner fordi vi utfyller kvarandre, seier Sandal, som peiker på folkekonkurransen som ein god rekrutteringsarena.