Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 12. mai.

- Alle barn skal ha det trygt og godt på skulen

Mobbesakene ved Nordfjordeid skule som er blitt kjend er ikkje bra. I følgje NRK så har leiinga ved skulen visst om mobbing i fleire år utan å gjere noko. Det er svært alvorleg. No legg både rektor ved skulen og kommuneleiinga seg flat. Det er bra. Og dei har i grunnen ikkje så mykje val. Dei må ta slike saker på alvor og ikkje feie dei under teppet. Nyleg stod mor til to som var elevar ved skulen for ein del år tilbake, Eli Sætre, om sine eigne og sønene sine vonde opplevingar. Ho og familien sin føler seg svikta av skuleleiinga. Sætre seier at då ho varsla om mobbinga, så vart ikkje dette følgt opp slik skulen pliktar å gjere, å opprette mobbesak.

Fleire andre foreldre som NRK har snakka med fortel om alvorleg mobbing på skulen. Dei fortel om barn som har opplevd alvorlege trugslar, valdsbruk og utestenging, og at desse sakene ikkje vart følgd opp på ein rett måte. Foreldra føler at leiinga ved skulen ikkje har teke desse varslingane alvorleg nok. Historiene som foreldre til born ved skulen i Eid er nok ikkje eineståande. Sjølv om det er stort fokus på mobbing og mange skular gjer det dei skal for å hindre mobbing, så skjer dette dessverre fleire mobbing stadar utan at det blir fanga opp eller utan at det blir gjort nok for å hjelpe dei som blir utsett for mobbing. Mange torer dessverre ikkje å melde ifrå om mobbing i frykt for at situasjonen for dei kan bli endå vanskelegare.

Alle barn har rett til å ha det trygt og godt på skulen. Når kvardagen blir så vanskeleg at ungane ikkje orkar å gå på skule fordi dei blir krenka og plaga, så kan dette få følgjer for resten av livet. Når det er foreldre som er modige og vil prøve å hjelpe ungane sine, så må skulen og samfunnet ta dette på alvor. Dei som mobbar har også eit stort ansvar for å tenkje på dei dei plager.