Med 290 tilsette i Bergen, Stavanger og Leikanger er det den største avdelinga i regionen.

– Ressursavdelinga er ei av åtte avdelingar i Region vest, og er eigentleg ein intern tenesteleverandør til dei andre avdelingane. Det er vi som sørgar for å levere mellom anna planleggingsteneste, prosjektering, grunnerverv og geoteknikk til dei andre avdelingane. Så langt trivst eg veldig godt, fortel Åsebø, som har vore konstituert i stillinga sidan 15. mars i år.

Les meir om «Likestilt» her.

Åsebø, som er utdanna byggingeniør og økonom har sidan 1995 arbeidd i vegvesenet. Som leiar for avdelinga sit også Åsebø i regionleiinga for den regionen i vegvesenet som omset for mest pengar i året.

– Vi har mange spennande prosjekt, og det er vår region som for tida omset for mest. Det er flest prosjekt rundt Bergen og Stavanger no, men i heile regionen omset vi for mellom 15 og 16 milliardar i år. Det er store summar, og det er krevjande og heile tida skulle levere på tid, kostnad og kvalitet, seier ho.

– Tidlegare var det nok eit mannsdominert miljø, men dette har endra seg veldig. No er vi 50/50 med kvinner og menn i regionleiinga, og det same er vi i mi leiargruppe som består av seks kvinner og seks menn. I ressursavdelinga blir vi også stadig fleire kvinner, det er no 45 prosent kvinner og 55 prosent menn, forklarar Åsebø, som seier ho aldri har opplevd at kjønn har vore eit tema ved tilsettingar i vegvesenet.

Tar med seg lærdomen

Når Margot Åsebø tar over som avdelingsdirektør for Ressursavdelinga tar ho med seg erfaringar frå lokale hendingar.

Sidan 2010 har Åsebø, som opphavleg kjem frå Davik i Bremanger, men er busett på Nordfjordeid, vore leiar for Vegseksjon Fjordane.

Ute i felten: I I jobben som leiar for Vegseksjon Fjordane var Åsebø ofte ute på vegane. Spesielt godt hugsar ho brannen i Skatestraumtunnelen og ekstremvêret Dagmar. Arkivfoto

– Det er ein stor overgang. Eg kjem frå ei avdeling der vi var mykje meir operative. Der hadde vi ansvar for å gjennomføre byggeprosjekt og drift og vedlikehald av vegnettet, samt at når det skjedde ting på vegane, så måtte vi handtere det, forklarar Åsebø, som trekk fram brannen i Skatestraumtunnelen og ekstremvêret Dagmar, som to hendingar som ho lærte spesielt mykje av.

– Dagmar var veldig spesielt. Vi hadde ikkje kontakt med Leikanger, så vi fekk ikkje gitt beskjed om korleis det var eller kva vegar som var stengde. Så vi reiste til Måløy for å ringe med satellittelefon frå ein fiskebåt til leiinga på Leikanger. Det var uverkeleg og surrealistisk. Så har ein brannen i Skatestraumen som var ei dramatisk hending og vart ei stor nasjonal nyheit. Begge deler var svært lærerikt, og er erfaringar som eg tar med meg inn i den nye jobben, seier Åsebø.