– Eit viktig steg i rett retning

– Noregs Mållag er glade for at LO no har stadfesta at nynorsken framleis er viktig for dei, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

I 2013 kom for fyrste gong ei formulering om språkpolitikk inn i LO sitt program. Det var fleire på kongressen som ville vere med på å stadfeste nynorskvedtaket frå førre gong.

Anne Kristin Førde frå Fagforbundet i Sogn og Fjordane argumenterte frå talarstolen for å ta vedtaket frå 2013 inn att i programmet. I tillegg gjorde Atle Tranøy frå Fellesforbundet i Hordaland framlegg om å styrke nynorsken internt i LO. Begge fekk gjennomslag for sine framlegg.

Frå før låg dette vedtaket i handlingsprogrammet: «LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette innebærer at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir god opplæring i begge målformer i skolen, og at mållova følges i praksis.»

I tillegg vert punktet styrkt med ei ny formulering frå Atle Tranøy om at nynorsk også må ha ein naturleg plass i LO og forbunda sine skriftlege framstillingar.

– Det var svært gledeleg å høyre den nye LO-leiaren Hans-Christian Gabrielsen seie på nynorsk frå talarstolen at nynorskvedtaket sjølvsagt var tilrådd, seier Magne Aasbrenn.

– At LO igjen stadfestar at dei vil arbeide for jamstilling mellom språka, framleis opplæring i båe dei norske språka og at mållova skal haldast, er eit viktig steg på vegen for at dei språklege rettane til nynorskbrukarane skal haldast, seier Magne Aasbrenn.

– Me veit at det er særleg på arbeidsplassen at nynorskbruk kan bli vanskeleg, og mange skiftar frå nynorsk til bokmål. Mange nynorskbrukarar orkar ikkje kjempe for og å måtte forsvare å skrive nynorsk kvar dag. At LO seier at det skal bli lettare, er eit viktig steg i rett retning.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå