Prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen, var blant dei som følgde TV-teamet frå den tyske allmennkringkastaren rundt for å lage film.

– Vi starta i Selje måndag der dei intervjua ordførar Stein Robert Osdal, før vi sette oss i Klosterbåten og køyrde til Moldefjorden der dei fekk sett og filma punktet for tunnelinnslaget, fortel Andreassen.

Deretter køyrde dei over på Kjødepollsida på motsett side av tunnelopninga, før dei drog til Stadlandet og Vestkapp.

Tysdag var dei i Måløy og intervjua dagleg leiar for Nordfjord Vekst Randi Paulsen Humborstad om lokale ringverknader.

– Dei var veldig fornøgde med turen, og fekk gjort mykje opptak. Dei hadde heller aldri vore i de nne delen av Norge før og var storvegs imponert over naturen. Kanskje kjem det mange fleire tyskarar til Norge etter dette, seier Andreassen.

– Har tunnelen potensial til å bli ein turistattraksjon i seg sjølv?

– Det er vanskeleg å seie, men det kan verke sånn på responsen. Berre to veker etter NTP var presentert var det over 500 artiklar om skipstunnelen på verdsbasis, og 220 millionar nedlastingar av artiklar om Stad skipstunnel. Det er ganske forrykande.

TV-innslaga den tyske kanalen lagar no skal resultere i eit tre minutts innslag på programmet Heute in Europa på ZDF, og eit seksminutters innslag på 3 Sat, nok ein allmennkringkastar som ZDF eig, i eit program som heiter Nano.

Leverte forprosjekt

Tysdag var også dagen då Kystverket overleverte det tekniske forprosjektet, godkjent reguleringsplan med konsekvensutgreiing, samt det sentrale styringsdokumentet til Samferdselsdepartementet.

– Dette er det totale forprosjektet, eigentleg heile pakken slik som departementet har bestilt det, forklarer Andreassen.

Dette gjør prosjektet klart for kvalitetssikring fase to (KS2).

Det tekniske forprosjektet gir eit heilskapleg bilde av forhold som planlegging, bygging, anleggsverksemd, drift, estetikk og med kostnadsoverslag. Alt føresetnader som må på plass for å bygge ein sikker effektiv og berekraftig skipstunnel.