Har fått ein god start på året

Fjord1 rapporterte eit resultat før skatt på 97 millionar kroner for første kvartal 2017.

– Konsernet har hatt ein tilfredsstillande start på året, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1. Arkivfoto 

Nyheter

Driftsinntektene for første kvartal blei 638 millionar kroner. Driftsresultatet før avskrivingar var på 170 millionar kroner. Det er ein auke på 62 millionar kroner samanlikna med tilsvarande periode i 2016. Dette går fram av ei pressemelding frå selskapet.


– Vi er nøgde med å sjå det gode resultatet av selskapet sitt fokus på sikkerheit og driftsstabilitet, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i pressemeldinga.

Selskapet har i første kvartal blitt tildelt kontrakt for drift av fire ferjesamband i Hordaland.

– Konsernet har hatt ein tilfredsstillande start på året, seier Neteland.