Styret i Stadlandet IL trimgruppa set pris på alle dei frivillige som stiller opp. Foto: privat

Styret i Stadlandet IL trimgruppa set pris på alle dei frivillige som stiller opp. Foto: privat

Hadde ikkje klart det utan dei frivillige

Stadlandet Rett Vest er heilt avhengig av gode hjelparar. – Folk har vore utruleg flinke, seier Heidi Anita Årsheim takksamt.

Laurdag 20. mai blir Stadlandet Rett Vest arrangert for 11. gong. Etter ei pause i fjor, er løpet no tilbake att og viljen til å hjelpe til med arrangementet har i år vore stor.


Set opp att det populære løpet

TERRENGLØP: – Det var mange som sakna løpet, så vi måtte ta det opp att, seier Heidi Årsheim, som håpar fleire mosjonistar prøver seg i konkurranseklassen til Stadlandet Rett Vest.

– Ja, folk har vore så flinke til å stille opp. Mange har ringt og spurt om å få bidra. Det er om lag 30 frivillige i aksjon, forklarar Årsheim.

Bak turløpet ligg det mange dugnadstimar. Mykje arbeid krevst for å sikre eit godt opplegg til deltakarane og dei frammøtte.

– Uansett kor enkelt vi tenkjer å gjere det, så er det mykje å tenke på. Så vi treng ein god del folk, og alle som har stilt opp fortener honnør. Så får vi håpe at folk stiller opp på laurdag, fortel ho spent.

Ein kan stille anten i mosjonsklassa eller konkurranseklassa på laurdag. I tillegg blir det familie-rebusløype rundt Ervikvatnet, som startar ved Stad Bygdehus.

– Vêrmeldingane ser bra ut så langt, og vi har alt testa løypa. Eg trur dette blir bra.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå