– Dette har tatt heilt av. Nettleiga må kunne delast likt på heile landet. Kjøper du ein kilo med gulrøter i Finnmark, så kostar dei gulrøtene det same i Oslo, seier 78-åringen.

Den førre rekninga Skorge fekk i posten var på 2.070 kroner. 1.240 av desse kronene vart fakturert Skorge som betaling for leige av linenettet.

– No er nettleiga høgare enn straumprisen. Det er som om at du skulle handla for 1.000 kroner i butikken, og så skulle dei hatt 1.500 kroner for å køyre varene heim til deg.

Uroa for dei eldre

Skorge peikar vidare på at det spesielt er dei som har minst å rutte med, som han tenker mest på.

Den førre fakturaen Skorge fekk i posten frå sin straumleverandør var på 2.070 kroner. Her var 1.240 kroner betaling for leige av linenettet.

– Eg har råd å betale, men tenk på alle desse minstepensjonistane som sit i gamle hus rundt om, som må betale 20-, 30-, 40.000 kroner for å halde varme i husa. Det er ikkje berre lenestolen dei skal ha oppvarma. Det må vere leveleg i husa, understrekar Skorge, som har tatt kontakt med pensjonistlaget i Eid, for å få fleire til å engasjere seg i saka.

– Eg finn det heilt urimeleg at vi skal betale meir i nettleige her enn på det sentrale austlandsområdet. Kvifor er det vi som produserer straumen som må betale for frakta? spør han.

Ifølge statistikk frå NVE betalar ein i Sogn og Fjordane mest i landet i nettleige. Innbyggjarane i fylket må i gjennomsnitt betale 70,9 øre i nettleige per kilowattime (inkludert mva. og forbruksavgift). Til samanlikning betalar ein 50,5 øre i Oslo og 50,6 øre i Akershus, medan landsgjennomsnittet betalar 53,6 øre per kilowattime.

– Ein systemfeil

Nettdirektør i SFE, Asgeir Aase, seier han deler og skjønar frustrasjonen til kundane.

– Vi har ei nettleige som er bestemt politisk. Nettleiga skal dekke dei enkelte selskap sine utgifter, og dei er det forskjell på. På stadar der det er store avstandar og grisgrendt blir det dyrare, seier han, og forklarar vidare at det er tre hovudfaktorar som påverkar nettleiga.

– Det første er talet meter nett per kunde og om det er lett eller vanskeleg tilgjengeleg nett. I tillegg er det uttakskundane i det lokale området som må betale for store deler av nettet øyremerka ny fornybar produksjon. Dette er urettferdig og ein kampsak for meg kvar månad. Det tredje er om selskapa driv godt og effektivt, forklarar Aase, som legg til at ein i Sogn og Fjordane har fire gongar så mykje nett som i Oslo og 2,5 gongar så mykje som BKK.

– Eg har sjølv vore talsmann mot styresmaktene. Dette er ein systemfeil. Ei sak er at det er mykje nett per kunde, men i tillegg blir ein belasta med å bygge nettet Norge ønskjer for å få fram den fornybare straumen.

Vil kjempe for utjamning

Kristeleg Folkeparti er eit av partia som på sitt landsmøte vedtok at dei ønskjer ei utjamning av nettleiga.

Selje-ordførar, Stein Robert Osdal (KrF), seier han meiner dagens situasjon er urettferdig.

– Sogn og Fjordane KrF løfta denne saka opp på landsmøtet, og fekk gjennomslag for den. Det er urettferdig at ein landsdel som har kraftoverskot, og som er ein stor bidragsytar til kraftbalansen skal straffast med høg nettleige, seier Osdal, som vil kjempe for denne saka.

– Nettutjamning kan organiserast på fleire måtar. Ei ordning kan vere at alle betalar x øre ekstra, som blir fordelt ut til folk som har høgast nettleige. Dei som betalar lite no kjem ikkje til å merke så mykje til det, men det vil bety mykje for dei som betalar mest.