– Det ligg litt i ordet heimevern, at ein har lokale og fasilitetar og kan trene i det området ein skal vakte. Viss ikkje, så mister det litt av poenget. I tillegg blir motivasjonen til dei som blir kalla inn endå lågare. Ein må reise endå lenger, seier Ove Mikal Haveland frå Haugen.

– Ikkje minst når vi jobbar i det private. Vi må reise lenger og det går ut over jobb og familie i større grad, seier Kim Tore Gilleshammer frå Kjølsdalen.

Kommandersersjant Mathias Gjærde i HV-11 ser stor nytte i å halde på Firda Kaserne i Eid.

Både Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11) og Firda Kaserne i Eid har vore og er framleis nedleggingstrua.

– Vi forholder oss til beskjedane vi blir gitt, og vi har fått beskjed om at Firda skal avhendast. Det er ikkje lenger formålstenleg for Forsvaret å ha det, seier presse- og informasjonsoffiser Tore Lyngvær i HV-11.

Men han forklarar også at når landmaktutgreiinga blir klar i haust vil ein vite meir om framtida til Heimevernet. HV-11 tel per dags dato 3.200 soldatar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Kasernen i Eid er den einaste forlegninga i områdt til HV-11, i tillegg til kommandoplassen på Åndalsnes.

Lagførar orienterer gruppa om oppdraget før dei går ut i felt. Fokuset på kurset er ikkje det krigstekniske, men leiareigenskapar, og er såleis overførbart til for eksempel arbeidslivet.

– Signala vi har fått er kutt opp mot 700 mann, seier Lyngvær.

– Det vil påverke HV-11 si evne til å løyse oppdrag, både militært og opp mot det sivile, støtte og beredskap. Det vil bli færre område, og dei områda som er igjen må dekke eit større geografisk område, seier kommandersersjant Mathias Gjærde, som får støtte av dei lokale soldatane på kurs.

– Det er klart at heimevernet er ein styrke. Eg siterer ein av føredragshaldarane: Vi skal funke når alt anna krasjar, seier Ove Mikal Haveland, som saman med medsoldat Torgeir Halsen frå Syltefjorden tidlegare var i innsatsstyrken i HV-11.

Laurdag var soldatane i felt og utøva det dei hadde lært på kursa.

Fram til måndag deltok dei på eit seksdagars kurs i leiarskap på kasernen. Kommandersersjant Gjærde tvilar ikkje på betydninga av å bevare både den lokale kasernen og heimevernet generelt.

– Vi set umåteleg stor pris på støtta vi har fått veldig sterkt her i Nordfjord med ordføraroppropet. Vi jobbar aktivt for å stanse nedlegginga av Firda Kaserne, seier han, og fortset:

– Historisk sett så er jo dette også ein viktig stad. Nordfjordeid er årestaden til opprettinga av den norske hær, så vi har ein enormt lang historie med militær nærvær i Sogn og Fjordane, og spesielt Nordfjordeid.

Oppdraget til den eine gruppa var å setje opp ein mobil vegkontrollpost. Markørar kom både joggande og køyrande forbi, for å gjere øvinga realistisk og teste soldatane.