– Eg har lært at enkeltvis når vi aldri fram. Skal vi få eit positivt resultat, ved å få NVE og staten til å gjere noko, så må mange stå bak, så vi håpar at eldreråda og kommunane rundt om kring i fylket og andre delar av landet følgjer oppropet vårt, seier leiar for rådet for eldre og funksjonshemma i Selje, Åge Starheim.

– Vi har fått reaksjonar frå folk som stiller seg uforståande til at nettleiga er begynt å bli ein vesentleg del av straumrekninga, seier Starheim.

Ifølge statistikk frå NVE betalar ein i Sogn og Fjordane mest i landet i nettleige. Innbyggjarane i fylket må i gjennomsnitt betale 70,9 øre i nettleige per kilowattime (inkludert mva. og forbruksavgift). Til samanlikning er betalar landsgjennomsnittet 53,6 øre per kilowattime.