– Radioen stod alltid på. Då var eg alltid nysgjerrig på kva aksje- og børsmeldingane gjekk ut på, fortel Lene.

Mange år og mange erfaringar seinare går ho dagleg inn porten til ein av landets flottaste bygningar, nemleg Oslo Børs. Der ligg AksjeNorge, som Refvik har vore dagleg leiar for sidan 2015.

Den vakraste plassen

Det har vore ein lang veg til hjartet av finans-Norge. Lene har flytta mykje rundt, men ein stor del av hjartet vil alltid vere igjen i Refvik.

Les meir om «Likestilt» her.

– Der har eg vore kvar sommar sidan eg blei fødd, og eg har besteforeldre, tanter og onklar frå farssida der, seier ho.

Det er ikkje alltid lett å kome seg heim att.

– Refvik er jo den vakraste plassen på jord, og der bur også verdas beste bestemor. Men det blir dessverre berre eit par turar i året, seier Lene.

Ho har hatt bustad i New York, og har elles farta mykje gjennom oppveksten.

– Eg er glad for å ha vakse opp på så mange plassar, både heime og ute. Det utvidar perspektivet frå tidleg alder. Det har hjelpt meg mykje, både i forhold til språk og anna, seier ho.

Etter å ha fullført mastergrad i strategi og leiing frå Norges Handelshøgskule i Bergen, gjekk turen til Oslo i 2005. Ho hamna fyrst i Imarex – ein børs for omsetning og clearing av standardiserte derivat innan shipping.

– Ønsket var å jobbe på ordentleg børs, og eg fekk jobb som marknadssjef på aksjeavdelinga til Oslo Børs i 2011, fortel ho.

Ho hugsar godt fyrste møtet med børsen.

– Eg var faktisk veldig skeptisk. Eg visste ikkje heilt kor bygget låg hen, men eg forstod fort at det var eit litt belasta område, seier ho om starten av Tollbugata i Oslo der både rus og prostitusjon florerer. Det var heldigvis trygt og godt inne i børsen sine lokale.

– Der trefte eg mange kjekke folk, så det har vore veldig positivt heilt frå dag éin, seier Lene.

Nærmare investorane

Som marknadssjef på Oslo Børs jobba ho tett på infrastrukturen i norsk finans, knytt til handel og oppgjer innan råvare og aksjar. Så ville ho flytte på seg litt.

– Eg ville nærmare investorane sin ståplass, og der er eg no som dagleg leiar av AksjeNorge, seier 38-åringen.

Det ho jobbar mykje med no er ein ny aksjesparingskonto som kjem på marknaden snart.

– Der kan ein samle alle aksjar og fond i ein konto, og selje og kjøpe aksjar utan å betale skatt på gevinst fortløpande. Dette har vi i AksjeNorge jobba for lenge, og som gjer det mykje enklare å spare i aksjar. Dette blir sagt av mange å vere den største sparenyheita sidan 80-talet, fortel ho engasjert.

Utfordrande

Som dagleg leiar i AksjeNorge står spennande utfordringar i kø.

– Det skjer stadig ting utanfor min eigen komfortsone. Eg har mellom anna daglege morgonsendingar på TV2 der eg rapporterer frå opninga av marknaden. Det er både lærerikt og skummelt, fortel ho.

Men Lene likar å utfordre seg sjølv.

– Ein blir raskt keisam, så eg likar nye utfordringar, seier ho ambisiøst.

Men kva driv Lene med når ho ikkje sit på jobben på Oslo Børs?

– Eg er veldig heimekjær. Kvardagen går med til dei tre borna med aktivitetar, vennegrupper, diverse køyring og anna. Eg tek også eit deltidsstudium, og eg gleder meg til å vere ferdig med det slik at eg kan fylle på med fritidsaktivitetar. Blant anna trenar eg alt for lite for tida, innrømmer den ambisiøse karrierekvinna frå Refvik.