Dette innlegget er skrive av Hilmar Høl, fylkespartileiar Sogn og Fjordane Ap, og Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant Ap.

Ap satsar på yrkesfaga

For å bygge landet for framtida, treng vi fleire fagarbeidarar. Mange fleire. Statistisk sentralbyrå sine framskrivinga av kompetansebehov, understreka at vi vil få ein mangel på 134.000 fagarbeidarar i 2030. Det betyr at det er eit behov for å auke utdanningskapasiteten betydeleg i åra som kjem. For å møte dette behovet, har regjeringa til Høgre og Frp satsa altfor lite offensivt. No treng vi ei regjering som satsar på yrkesfaga.

Det heile byrjar med rekrutteringa. Sjølv om vi gjer ein god jobb med å rekruttere elevar til yrkesfag i Sogn og Fjordane, kan vi framleis bli endå betre. Vi må forbetre rådgjevinga i ungdomsskulen slik at elevar kan bli sikrare på utdanningsretninga si. Med gjevne mellomrom, høyrer vi om flinke elevar som får råd om «ikkje å sløse bort potensialet med å gå på yrkesfag.» Dette er ei uakseptabel haldning, og den må vi ta eit oppgjer med.

Så må vi gi eit løft for fagområda. Bransjane våre moderniserast i eit stadig større tempo. For å henge med i utviklinga må vi få eit betydeleg løft i utstyr og maskiner som blir brukt i undervisninga. Dette er ikkje berre viktig for å vedlikehalde engasjementet til elevane, men også for å halde faget relevant i møte med framtida. Vidare må det investerast sterkare i samspelet mellom skulane og næringslivet. Difor vil vi ha på plass ei hospiteringsordning for å få ei sterkare utveksling av teknologi og kunnskap i skulane våre.

Når du byrjar på ei utdanning er det viktig at ein får sjansen til å fullføre løpet. Dette er både viktig for den einskilde eleven, men ikkje minst for bransjar som stadig treng meir arbeidskraft. Næringa er veldig bevisst på dette, men no må også det offentlege ta eit større ansvar. Difor ønskjer vi å jobbe på plass ein norm der kommunane stiller opp med to læreplassar per 1.000 innbyggar. Sjølv om dette ikkje høyrest ut som allverda, så vil dette vere eit betydeleg løft for både ungdommar og næringsliv.

Fagskulane må styrkast om vi skal levere tilstrekkeleg med kompetanse til næringslivet. Sjølv om vi er positive til at det siste statsbudsjettet tilførte nokre utviklingsmidlar til fagskulane, så har det ikkje har kome ein einaste ny studieplass på fagskulane i heile perioden som Høgre og Framstegspartiet har vore i regjering. Dette tykkjer vi er altfor lite offensivt når vi veit kva behov som møter oss i framtida.

For å bygge landet for framtida, treng vi ei regjering som tek rekrutteringsbehovet på alvor. Med eit såpass stort potensial, seier det seg sjølv at vi burde prioritere pengane til utdanning framfor milliardar i skattekutt til dei som har mest frå før av. No fortener skulen vår treng ei ny regjering. Dette handlar om å satse på framtida.