– Vi er ganske tradisjonelle her i Noreg. Vi byggjer ein hall, ein ballbinge, ein skatepark eller ein klatrepark. Og det er flott. Men vi må også tenkje nytt, kva med å samle mange aktivitetar i eitt anlegg, å legge til rette for eit utal aktivitetar på eitt og same område, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede, som viser til Danmark der det er gjort mykje på denne fronten.

Eit slikt anlegg kan innehalde til dømes buldresoner (klatring), stupeanlegg, bordtennis- og biljardbord, dansesal, turnapparat, boksering, hinderløype, joggeløype og minibingar for ballspel. Det er om å gjere å tenkje nytt, og ikkje late noko anna enn fantasien setje grensene i første fase, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.