I mai 2007 starta Per Jørgen Silden si eiga bedrift i Måløy, Skipskompetanse. Heilt sidan barndomen har han hatt interesse for båt, og tanken om å starte for seg sjølv byrja allereie på ungdomsskulen. Sivilingeniøren ser tilbake på ti hektiske, men spennande år.

— Det fyrste driftsåret omsette vi for om lag 12 millionar kroner. Eg jobba eit halvt år aleine, før eg tilsette Odd Rune. Det har vore utruleg kjekt, og vi har stort sett hatt mykje å gjere sidan dag ein, fortel Silden som også er dagleg leiar i selskapet, i pressemeldinga.

For augeblikket har ingeniørselskapet seks båtar under bygging og tiårsjubileet blir feira med to nysigneringer, på to nye not– og snurrevadfartøy, Støttfjord og Lise Beate.

Desse har Fjordenes Tidende tidlegare omtala i denne saka.

Kompetansen og erfaringa Måløy-området har innan skipsdesign og -bygging som er forankra lokalt trekk til seg både kundar og arbeidstakarar, meiner Nordfjord Vekst.

— Det er viktig og utviklande med eit slikt sterkt miljø. Det skapar ein viss konkurranse oss i mellom, men fyrst og fremst skapar det eit godt rykte, spesielt med tanke på rekruttering, seier Silden.