Sogn og Fjordane Arbeidarparti viser til at bakgrunnen for nabopraten var Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Dette ville ha vorte ein stor og slagkraftig region i vest. Møre og Romsdal vart aldri med på denne nabopraten og Rogaland gjorde tidleg vedtak om ikkje å vere med i ein Vestlandsregion.

Hordaland og Sogn og Fjordane inngjekk intensjonsavtale om samanslåing under ei rekke føresetnader.

Desse fylka har gjennomført grundige prosessar og forhandla fram ein intensjonsavtale for frivillig samanslåing. Avtalen set som føresetnad at det skal overførast nye oppgåver til den nye regionen slik det er beskrive. Ein skulle også få til ei god fordeling av hovudkontora til dei statlege institusjonane.

Arbeiderpartiet vil understreka at samanslåing av fylke skal vere frivillig. Då må også intensjonsavtalen leggast til grunn og nye oppgåver tilførast.

Dersom nye oppgåver blir tilført i tilstrekkeleg grad, og intensjonsavtalen vert følgt opp, så vil vi støtte at forhandlingane om samanslåing vert fullført.