Avtroppande styreleiar Jakob Jakobsen peika nyleg i si tale til årsmøtet på at styret jamleg har vurdert bemanningssituasjonen ved kontoret:

– Ikkje minst i lys av det stadig aukande tal oppgåver pålagt av myndigheitene som eit ledd i ressursskontrollen.

Styret i VNF bestemte seg derfor for å lyse ut ei stilling som assisterande direktør under Magnar Aasebø, som er direktør i VNF.

– For å halde oppe den gode og viktige servicen for salslaget sine medlemmer, og samtidig som ein i større grad vil kunne tilfredsstille myndigheitene sine stadig nye krav til kontrolloppgåver og dokumentasjon, sa Jakobsen i talen, og peikte også på at mogleg samanslåing av salslaga sør for Stad og nye krav frå medlemmene er ting som gjer at bemanninga bør styrkast.

Jakobsen takka også for seg som styreleiar, og overlet no stafettpinnen til Tonny Grotle i reiarlaget Havstjerna frå Bremanger.

Vest-Norges fiskesalslag dekker fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.