Etter mange år med utvikling og testing av bølgjekraftverket, Havkraft Wave Energy Converter, har Geir Arne Solheim fått ein kunde på kroken.

– Det er ein milepæl. Vi har signert kontrakt om kjøp og utvikling av eit prosjekt for å få opp det første kommersielle anlegget, seier han og legg til:

– Det er få eller ingen aktørar som kan levere denne løysinga her. Og vi er i ein bra posisjon til å kunne vekse vidare når ein får levere fleire slike variantar av løysingar. No handlar det om eit hybridsystem som skal effektivisere anna type energibruk offshore.

20–30 millionar

Kjøpesummen på anlegget Havkraft no skal prosjektere for kunden ligg på mellom 20 og 30 millionar kroner. Kven kunden er, vil han ikkje røpe.

– Det er ein offshore-aktør, ein norsk kunde med internasjonalt nettverk og operasjon.

– No blir det å putte konverteren inn i eit system, og det har vi ikkje gjort før. Vi ønskjer byggjestart i år, seier Solheim, og legg til at løysinga som no skal utviklast og byggjast skal vere klar i drift neste år.

Byggjer kompetansemiljø

Solheim er også dagleg leiar i Hydro Wave på Lutelandet.

– Vi byggjer opp eit kompetansemiljø i Sogn og Fjordane gjennom desse to selskapa. Det er eit stort nettverk der ein samlar kompetanse for å levere fleksible løysingar som gjer at vi kan levere til mange ulike typar kundar, seier han og fortset:

– Ein adresserer store utfordringar i ei vekstnæring. No skal alle bli grøne innan 2020 og 2025, og bølgjekraft er ein del av nøkkelen. Vi er i den heldige situasjon at vi har ei maskin som fungerer, smiler han.

Fakta

Geir Arne Solheim har utvikla patentet til Havkraft Wave Energy Converter (H-WEC), som tar opp kraft frå bølgjer og gjer den om til anvendbar energi.