Det var i 2014, under bygginga av vindkraftparken Mehuken 3, at vindmølleselskapet grov og la røyr inn i Movatna naturreservat. Det 23 meter lange røyret vart lagt utan løyve, melder NRK Sogn og Fjordane.

Størrelsen på bota er sett for å førebyggje slike inngrep, ifølgje politiadvokat Magnus Engh Juel.

– Vi ser på kor alvorleg inngrepet er, og vi ser på kva økonomiske rammer det er for prosjektet. Det skal ikkje løne seg å ta seg til rette og gjere eit inngrep i eit naturreservat. Difor har vi prøvd å gi ei bot som viser at det svir å bryte reglane, seier han til NRK.

– Det er sjølvsagt veldig problematisk når dei tek seg slik til rette, at dei ikkje først søkjer om eventuell dispensasjon. I staden gjer dei inngrepet, og i ettertid fortel dei styresmaktene kva som har skjedd, at dei var nøydde til å gjere det på grunn av utfordrande tilhøve i grunnen, seier politiadvokaten.

Kvalheim Kraft og dagleg leiar Olav Rommetveit ønskjer ikkje kommentere saka, skriv NRK.