Det er Firdaposten som melder saka frå folkemøtet.

Leiar for FAU ved Kalvåg Oppvekst, Jannike Brenden Frøyen, stiller seg bak forslaget, saman med driftsleiar for Kalvåg oppvekst, Dag Magne Nigardsøy og Jorunn Frøyen i Kalvåg Bygdelag.

Kommunestyret skal i dag, torsdag, ta stilling til forstudien om korleis ein i Bremanger skal tilpasse skuletilbodet til ei venta negativ folketalsutvikling dei komande åra. Det er venta at det kan skape stor debatt.

Styringsgruppa under leiing av SV-politikar Grete Berntzen har lagt fram tre moglege modellar for framtidig skulestruktur i tilegg til å sjå på dagens situasjon, men det er ikkje semje i gruppa om å tilrå ein av modellane. Kommunestyret skal ta stilling til modellane, om ein skal føre utgreiingsarbeidet vidare til eit forprosjekt, og dei kan også legge føringar på arbeidet vidare.

– Det er ikkje på denne måten vi skal spare pengar i kommunen og vi oppmodar politikarane til ikkje gå inn for nokon av dei skisserte modellane, seier Jannike Brenden Frøyen til Firdaposten, og viser til at Kalvåg er eit livskraftig samfunn med god næringsutvikling.

Slik ser modellane i forstudien ut:

Modell A foreslår at bygdene skal ha 1-4 klasse og barnehage, medan 5-10. klasse skal gå på på skule på Hauge, Davik og Svelgen (innsparing 1.5 millionar kroner årleg).

Modell B skisserer barnehage i Kalvåg, Hauge, Davik og Svelgen, og 1-10 klasse på Hauge, Davik og Svelgen (innsparing 6,6 millionar årleg).

Modell C tek utgangspunkt i barnehage i Kalvåg, Hauge, Davik og Svelgen, at 1-7. klasse går på Hauge, Davik og Svelgen medan 8-10 klasse går på Kolset (innsparing 8,3 millionar årleg).

Det er imidlertid ikkje alt styringsgruppa har hatt tid til å sjå på av faktorar: