Gymsalen var kalkulert til å koste mellom 20 og 21 millionar kroner, men etter anbodsopning 1. juni viser hovudentreprisetilboda at billigaste løsying vil koste cirka 31 millionar inklusiv moms. Kommunen har fått fire tilbod på bygget.

- Det er sjølve bygningskroppen som blir mykje dyrare, i tillegg til rivinga der ein fekk meir asbestsanering enn forventa, seier Åse Leirgulen som er leiar i prosjektgruppa for nybygget.

- Det handlar truleg om kalkyleverktøyet, som ikkje har vore godt nok, seier Åse Leirgulen.

Rådmann Tom Joensen peika på at dei fleste no til dags ikkje bygger reine gymsalar, men heller fleirbrukshallar, og at det derfor kan vere sjølve referansane inne i kalkyleverkøtyet som har skapt avviket.

- Point of no return

Problemet er at den gamle gymsalen allereie er riven, og rådmannen meinte ein hadde lite val, ein var ved point of no return her.

- Prosjektgruppa har konkludert med at går vidare med prosjektet, for bygget er faktisk rive. Vi går gjennom dei uliek anboda no for sjå om det er ting som er dobbelt, val ein kanta vekk, men det vil nok vere snakk om mindre summar.

Marius Strømmen (Sp) reagerte kraftig på det store avviket mellom kalkyle og tilboda som kom gjennom hovudentrepriseutslysinga.

- Dette er ein stor sak. Eg vil ha saka framlagt på neste møte. Det blir litt for lettvint å sitte og nikke til dette som ei orienteringsak. Eg vilha det grundigare vurdert. Eg vil at vi ser på innsparingar, er det noko som er kostnadsdrivande, kan vi forenkle ting?

Dette møtte Strømmen motbør på, frå blant anna Espen Gulliksen (Ap) som meinte at det ville vere uheldig å ta prosjektet tilbake til teiknebrettet.

Det ville ende utan gymsal for Kalvåg i eit prosjekt som allereie har vart i mange år.

Etter eit gruppemøte i Sp endra Strømmen kravet, men påpeika at det er viktig at ein passar betre på for ettertida.

- Slike sprekkar må bli informert om gjennom ei sak i kommunestyret. Det er snakk om såpass mykje pengar at det litt lettvint å gjere det på denne måten. Vi må kvalitetssikre før vi riv, seier han, sjølv om han har tillit til at prosjektgruppa har gjort ein god jobb.