– Eg har hatt god kontakt med fiskarane i Kalvåg, og dei peiker på viktigheita av å få Kalvåg fiskerihamn på plass i første periode. Fiskarane gav avkall på fiskerihamna si fordi det skulle komme ei ny og betre. Båtane vert djupare og den nye hamna må på plass, seier Ingrid Heggø, Arbeidarpartiet sin fiskeripolitiske leiar.

Arbeidarpartiet fortel at dei vil legge til rette for meir fiskeri og havbruk, skipsfart og maritim næring langs heile kysten. Partiet meiner ein må satse meir på næringar langs kysten, og framskundar derfor no ei rekke hamner i deira NTP.

Dette er godt nytt for Bremanger kommune som vart skuffa over at det lokale storprosjektet blei lagt seinare i NTP enn dei var førespegla.

18 millionar i startløyving

Heggø forklarar at ein ønskjer å legge til rette for ei fullfinansiering frå første periode, der ein legg inn ei startløyving på 18 millionar kroner. Vidare skal midlar som ikkje blir nytta andre stader også kunne overførast til dette prosjektet.

– Dette er avgjerande for rekrutteringa. Vi har fått Kalvåg fiskerihamn på plass i første periode ved å prioritere ein oppstartssum, og ved at vi i tillegg øyremerkar og prioriterer alle innsparingar ved andre hamner og farleier. Slik greier vi å få på plass ferdiggjering av Kalvåg fiskerihamn i første periode, seier Heggø, som også meiner regjeringa har svikta kysten:

– Regjeringa manglar fleire millionar for å innfri måla frå førre transportplan som blei lagt fram av regjeringa Stoltenberg II. No må det eit løft til.

Sp framskundar også

Også Senterpartiet har kome med sitt alternativ til NTP, og også dei framskundar Kalvåg fiskerihamn gjennom ein kystpakke der partiet legg 1,5 milliardar på bordet til kysttiltak for hamner og farleier.

– Eg er glad Sp presenterer ein transportplan som ser heile landet. I regjeringa sitt opplegg bygger ein mykje rundt dei stor e byane, medan distrikta er gløymt. Sogn og Fjordane hadde ingen prosjekt inne. Med Sp sitt opplegg er alle prosjekta som regjeringa har fjerna tekne inn igjen. Dette synleggjer forskjellen på at Sp sit ved roret i samferdslepolitikken og at dagens regjering gjer det, seier Aleksander Heen.