Fylkesmannen presiserer at ein ikkje har teke stilling til om grensejusteringa skal gjennomførast, men dei rår til at departementet bestemmer at spørsmåla blir utgreidde.

Fylkesmannen har heller ikkje teke stilling til korleis eller av kven eventuelle utgreiingar skal gjerast.

Både Selje og Eid har stilt seg positive til ei utgreiing av grensejustering for Bryggja, medan Vågsøy meiner det ikkje er grunnlag for ei grensejustering.

Fylkesmannen peikar i saka på at ein tilrår at grensejusteringa blir greidd ut, spesielt med tanke på om det er mogleg å skape ein geografisk samanhengande kommune for Selje og Eid.