Eva Flyum og dottera Magni Hjertenes Flyum meiner det framleis er så store og grunnleggande skilnadar mellom kvinner og menn at 8. mars ikkje kan gå upåakta hen.

– Så lenge kvinner dør i barsel, jenter ikkje får gå på skule og det er så store grunnleggande forskjellar i rettane til jenter og gutar, så er vi nøydde til å ha ein internasjonal dag der vi minner kvarandre om det. Vi snakkar ikkje om dei store internasjonale tinga i kvardagen, så ein felles kvinnedag er viktig, seier Eva og Magni.

– Eg er fødd med å måtte vere bevisst. Mamma hadde alltid kvinnedagsarrangement på min bursdag. Det høyrde på mange måtar med. Når du er liten og noko er like viktig som bursdagen din, då er det viktig. Eg har alltid vore stolt av å ha bursdag 8. mars, smiler Magni.

Går i arv

Ifølge Eva har engasjementet rundt likestilling vore i familien i fleire generasjonar.

– Det har aldri vore eit alternativ å ikkje tenke på slike ting. Eg var med på den nye bølgja med kvinnekamp på 70-talet. Då eg sjølv skulle velje yrke, tenkte eg at eg ikkje skulle velje eit kvinneyrke, samstundes som det var viktig å vere i arbeidarklassa.

– Innanfor det med barnehage, fedrekvote og kvinner i høgare utdanning ser ein store endringar.

Får ulik behandling

Samstundes peikar damene på område der det framleis er store skilnadar mellom jenter og gutar.

– Det største problemet i dag er korleis vi behandlar jenter og gutar heilt frå dei er fødde. Dei blir behandla så ulikt at det nesten ikkje finst kle som er kjønnsnøytrale. Dette skapar forventningar og stereotypiar. Seinare er det få arenaer utanom klasserommet der jenter og gutar får leike i lag. Når ein legg til rette for så store forskjellar er det ikkje rart at ein seinare som kvinne og mann gjer dei livsvala ein gjer.

– Det er eit mål at alle skal ha like moglegheiter og bli behandla likt, men det er ikkje eit mål at alle skal vere like og ta dei same vala. På individnivå må det vere lov å velje tradisjonelt, men når ein som samfunn ser at vi nesten berre har kvinnelege sjukepleiarar, så må vi stille oss spørsmålet om det er slik vi vil ha det, understrekar dei.