– Vi er veldig glade for at dei lokale brukar oss. Kundane har vore lojale, og det er vi heilt avhengige av, seier Flataker.

Vest Industrivask AS driv med reinhald, vaskeri, profilering og sal. Bedrifta, som er ti år i år, omsette for 23 millionar i reinhalds- og vaskeritenester i fjor. Og det er kvinnene som dreg lasset.

Les mer om «Likestilt» her

– Vest industrivask med alle avdelingar har 75 tilsette når det toppar seg i sesongen, og 80 prosent er kvinner, seier økonomiansvarleg i selskapet, Iolanda Dimisca.

– Det blir nok oppfatta som eit dameyrke, at det er damene si oppgåve. Det er som eit kjønnsrollemønster. Vi såg også dette då vi lyste ut etter sommarvikarar. Alle gutane spurde etter sjåførjobben, medan jentene søkte på det vi spurde etter – reinhaldarar, seier Kjersti Flataker.

Fleire i leiarstillingar

Reinhaldaryrket har endra seg.

– Før var det alltid slik at vi ikkje skulle komme før etter klokka fire, når alle stengde og gjekk heim. Men slik er det ikkje no. No er det eigentleg veldig få vi er hos etter klokka fire. Det er veldig mykje betre, seier reinhaldsleiar Wenche Anita Haugen Thue, som har jobba i bedrifta sidan starten.

Yrket har også blitt fysisk lettare. I tillegg endrar staben seg. I dag har fleire av kvinnene leiande stillingar i selskapet. Dei ser også at yrket tiltrekk seg tilflyttarar.

– Vi har mange utanlandske tilflyttarar som jobbar hos oss. Dei er ærekjære og vil gjerne ha jobb, seier Flataker.

Dei ser ikkje utfordringar med å vere ein kvinnedominert arbeidsplass, men hadde gjerne sett fleire menn.

– Det er berre å komme. Det er fint å få litt balanse i miljøet, seier Flataker.

Veks

Vest Industrivask har vakse til heile Nordfjord, søre Sunnmøre, Sogn og Oppland på ti år.

I fjor omsette selskapet for 23 millionar og per dags dato ligg dei framfor fjoråret, ifølgje dagleg leiar Vidar Hagen.

– Vi jobber opp mot ei rekkje bedrifter i vårt område. Eg brukar å seie at når vi gjer det ok, så brukar det som oftast også å gå bra med dei andre rundt oss og, i og med at vi er ei tenesteytande servicebedrift.

Dagleg leiar Vidar Hagen (t.h.) tok over etter far Atle Vidar Hagen for fem år sidan.

Dei er også medeigar i Måløy Servicesenter – YX og BilXtra i Deknepollen, Reint AS i Aurland og Lom vaskeri. Å ekspandere har vore nødvendig.

– I vår bransje er det eit prispress heile vegen. Ein må ha eit visst volum, seier Hagen, og forklarar at det kan vere tøff konkurranse mot kjedene.

– Ein har til dømes hotellkjeder der vi ikkje kjem inn fordi dei har landsdekkande avtalar, sjølv om vi kan levere tilsvarande tenester.

Dei lokale kundane er derfor viktige. Hagen har ambisjonar om å vekse vidare, og skape fleire arbeidsplassar. Og han meiner også at dei gjer ein viktig innsats lokalt ved å tilby arbeidsplassar.

– Vi tilset mange av konene til dei som jobbar i mannsdominerte yrke her omkring. Dei kjem til oss, så vi er med på å hjelpe til å bygge eit samfunn.