Alle elevane på Bryggja skule var på plass då sanitetsforeininga i bygda arrangerte den årlege skulelunsjen tysdag.

Lunsjen, som bestod av påsmurte rundstykke, frukt og kakao, gjekk ned på høgkant, og det var ikkje vanskeleg å skjønne at elevane set pris på innsatsen som damene i Bryggja sanitetslag legg ned.

– Det er kjekt at dei stiller opp år etter år, og har lyst å lage til noko kjekt for oss. Det er vi veldig glade for og vi gler oss kvart einaste år, seier Mathias E. Henriksen.

Klassekameratane nikkar og skålar rundt bordet, og understrekar at det gjer godt med eit lite avbrekk frå skulebenken, spesielt no, rett før sommarferien tek til.

– Og så er det eit stort pluss at dette er ein sunn lunsj, der vi får servert egg og fårepølse på rundstykka, og ikkje nugatti og anna søtt, legg Joachim Olai Solibakke (10) til.

Vil halde på tradisjonen

Marit Nore Sørhaug i Bryggja sanitetslag synest det er minst like stas at elevane har lyst å komme på lunsj, igjen og igjen.

– Alle vi i saniteten gler oss til at borna på Bryggja skule skal komme hit og ete kvart år. Det er blitt ein veldig fin tradisjon som vi vonar å ta vare på framover også. Det er viktig å glede andre, og ikkje minst skape eit fellesskap i lokalmiljøet, seier Nore Sørhaug.

Som takk for ein velsmakande lunsj, framførte heile skulen alle versa av «Vestlandet» for sanitetsforeininga.

– Det var ein veldig flott song, og mange fine songstemmer. Vi håpar at elevane har lyst å hjelpe oss med litt song på basaren vi skal halde også, smiler Nore Sørhaug håpefullt, og får eit rungande ja til svar frå elevane.

– Tusen takk til Bryggja sanitetsforening for at alle vi fekk komme hit og nyte god mat nok ein gong. Det har vore veldig triveleg, slo han fast.

Og sjølv om dei fleste hadde vore med på lunsjen mange gonge r tidlegare var det ei ny oppleving for 1. klassingen Kristina Madelen Midtbø.

– Eg håpar eg får vere med på mange slike lunsjar, det var veldig artig, smiler ho.