– Meininga er at kommunane går saman om etablering av ei kulturkortordning som gjeld i alle Nordfjord-kommunane, der alle bidreg økonomisk til ordninga, og at ungdom ut frå denne ordninga kan få rimelegare kulturtilbod på tvers av kommunegrenser. Til dømes kan ungdom kjøpe billettar til konsertar, teaterstykke og liknande for 50 kroner i staden for 150, uavhengig om ein bur i Vågsøy, og vel å reise på ein konsert i Gloppen, eller reiser frå Stryn og vil sjå eit teaterstykke på Eid. Kommunegrensene i Nordfjord skal ikkje vere eit hinder for gode kulturopplevingar, seier han.

Gangeskar speler inn Nordfjordrådet som sentrale i etablering av ei slik ordning, men seier at Vågsøy gjerne kan vere kommunen som tek initiativet.

– Ei slik ordning vil vere ein ordentleg «boost» for kulturlivet i Nordfjord, seier han.

Han meiner også at ei slik ordning bør vere gratis for låginntektsfamiliar.

– Det er viktig at ungdom som kjem frå familiar med lågare inntekt ikkje blir hindra i å delta på kulturopplevingar.