– Dette er ei svært viktig forbetring av ordninga, spesielt for prosjekt som har lågt grunnlag for bompengar som til dømes Atløysambandet og vegløysing til Ytre Steinsund, seier Aleksander Heen (Sp).

– Når vi kan legge kapitalkostnader inn i ferjeavløysingsordninga vil det vere endå fleire ferjestrekningar her i fylket som kan kome inn under ordninga seier Heen.

Senterpartiet fortel at det for dei er eit mål å redusere ferjebruken til eit minimum, og til fleire stadar ein kan avløyse ferja med bru eller andre fjordkryssingar jo betre, meiner partiet.

– Om dette blir endeleg vedteke i Stortinget seinare i juni må dei nye føresetnadane inn som ein del av fylkeskommunen sin regionalte transportplan seier Heen.

– Eg trur at vi i løpet av få år vil kunne starte arbeidet med fleire fjordkryssingar som gjev folk som i dag er avhengige av ferje nye moglegheiter. Senterpartiet er opptekne av å finne gode løysingar nær der folk bur.  Å gjere kvardagen enklare for folk flest er viktig og vi har trua på ei god utvikling i heile Norge. No forventar eg at dei andre partia som er opptekne av samferdsel følger opp dette forslaget i Stortinget, legg han til.