Laurdag føremiddag samla folk både frå Bremanger og Kalvåg seg for å vise si misnøye med det dei meiner er eit lite gjennomtenkt vedtak, som truleg ikkje har innsparingspotensial.

Det er Firdaposten som melder saka søndag.

– Det synest som om nokon berre har kasta ut ein idé i lause lufta, utan å tenke på følgene, seier Paul Stian Fosse Igland til avisa.

– Tenk berre på kva det vil koste å bygge ein ny ungdomsskule, med klasseromskapasitet til så mange elevar, skulekjøkken, gymsal og symjebasseng, seier Roger Nyborg.

Foreldra tekker også fram vegane, som slett ikkje er gode på strekninga ytre Bremanger til Kolset, der den felles ungdomsskulen er føreslått å ligge.

– Det er heilt uaktuelt og fullstendig meiningslaust å sende 12–13 åringar med buss på den smale, kronglete og rasutsette vegstrekninga til Kolset i all slags ver, dette kan vi rett og slett ikkje gå med på, slår Rolf Vedvik fast.

Foreldra er bekymra for tryggleiken til ungane, og også uroa for kva den lange skulevegen vil gjere med trivselen og velværet i kvardagen. Frå Kalvåg vil det vere rundt ein time kvar veg, og foreldra spør seg kor opplagte ungane vil vere til lekselesing og fritdsaktivitetar om ettermiddagen.

- La skulane få fred

Foreldra i ytre Bremanger fryktar også for avfolking av bygdene. I tillegg var endring i skulestrukturen eit argument for å seie nei til kommunesamanslåing, og difor stiller dei seg uforståande til at saka no blir fronta med full styrke.

– No må skulane få fred. Vi har gode skular i bygdene våre, og det er ingen grunn til å gjere endringar på noko som fungerer, meiner Roger Nyborg til Firdaposten.

Og å satsing på eit vidaregåande skuletilbod har ingen tru på.

– Det er eit skot i blinde, dei vidaregåande skulane i fylket slit med å få halde oppe sine tilbod, og då er det hol i hovudet å tru at vi skal få oppretta eit nytt tilbod her, meiner dei.