– Gode matordningar er avgjerande for å møte eldrebølga som kjem om få år. Når fleire vil bu heime, er det naudsynt å legge til rette for ordningar som tilbyr måltid som gjev eldre måltidsglede og riktig ernæring, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

I år utvidar Dale konkurransen Gylne Måltidsaugeblikk frå mat på sjukeheim til også å inkludere måltidsløysningar for eldre som bur heime.

Alle kan tipse om ei ordning som serverer eller leverer mat som er tilpassa eldre som bur heime. I tillegg vil brev frå Dale og Forbrukerrådet bli sendt til alle kommunane i Norge, kor dei blir oppfordra til å bidra med sine matordningar i konkurransen.

Målet med Gylne Måltidsaugeblikk er å lyfte fram eit mangfald av varierte matordningar for eldre. Dersom dagens mattilbod for eldre skal førast vidare, vil det krevje minst 150 millionar offentlege måltid årleg i 2050. Gylne Måltidsøyeblikk 2017 vil bli gjennomført i perioden frå 2. juni til 15. juli, og blir arrangert av Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Forbrukerrådet og Pårørendeaksjonen.