– Vi hadde ikkje rett kompetanse og måtte difor skaffe fleire folk med ulik kompetanse. I tillegg ser vi at ein har slite litt med all den nye teknologien, og ein fekk utfordringar som ein ikkje hadde rekna med. Situasjonen vart uhandterleg på eit vis, og vi måtte sikre at dei som budde der hadde forsvarlege tenester, sa rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, då ho orienterte formannskapsmedlemmane om budsjettendringa.

– Dette blir ei ny lønsutgift på 3,36 millionar kroner, noko som er 15 prosent meir lønsutgifter enn ein hadde tenkt seg i utgangspunktet. Dette er også ei permanent auke som ein må skaffe dekning for. Eg seier ikkje at det er feil, men det er slik det er, sa Tore Hjelle (H) i debatten, og fortsette:

– Kvifor klarar ein ikkje å halde unna samanlikna med tidlegare? Ein skulle tru at med ein ny og moderne sjukeheim, så skulle ein bli meir effektive og ikkje mindre. Det er betydeleg å måtte auke så mykje på lønsutgiftene når talet plassar er uendra. Det er bra at ein får fire nye pleiestillingar, sjølv om eg stiller spørmål knytt til kvifor det var slik.

– Det er vanskeleg å seie eksakt korleis dette blir. Om vi hadde hatt sjukepleiarar i alle stillingane der vi treng det, så hadde ikkje behovet vore så stort. Vi må heile tida justere, og det er det vi gjere no, forklarte ho.

– Det kan godt vere at vi klarar å effektivisere bruken av nattevakter og fleire av desse tenestene. Vi er jakt etter å finne innsparingstiltaka, så vi er ikkje ferdig. Vi leitar med lys og lykter etter effektiviseringsgevinstar, la Krogsæter til.