– Eg syns det er veldig positivt at dette blir sparka i gang, spesielt for folk på Bryggja. No må vi få ei rask avklaring på dette, seier Bjørlo.

Førre veke vart det kjent at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil tilrå ei utgreiing av ei grensejustering der Bryggja kan bli ein del av Selje/Eid.

Fylkesmannen har heller ikkje teke stilling til korleis eller av kven eventuelle utgreiingar skal gjerast.

– Eid og Selje er positive til ei grensejustering, men vi vil ikkje at den skal dra ut i tid. Vi vil seie til departementet at det er viktig å få ei avklaring raskt, understrekar Bjørlo.

Fylkesmannen peikar i saka på at ein tilrår at grensejusteringa blir greidd ut, spesielt med tanke på om det er mogleg å skape ein geografisk samanhengande kommune for Selje og Eid.