– Vann vi skulebollane på grunn av at vi har laga lunsj til kvarandre i heile år? Wow, så kult, seier Linnea Nedreberg Styve (7) og Nemi Angelica Vigdal (9) fornøgd.

Dei to skulevenninnene fortel at det ikkje er så ofte dei et skulebollar, men at dei kremfylte bollane smakar himmelsk når dei først får sett tenna i dei.

Vårin Erviksæter Hals (9) (t.v.) og Hanna Telvik (8) sette pris på skulebollane.

– Å få besøk av Opplysningskontoret for brød og korn, og få ein slik premie er ein perfekt slutt på eit kjekt skuleår, seier dei og smiler.

Rektor ved skulen, Thomas Hals, fortel at det ikkje var noko problem å argumentere for kvifor akkurat hans elevar fortente ei slik påskjønning.

– Dei har verkeleg imponert meg gjennom heile skuleåret. Dei driv skulekjøkkenet heilt sjølv, og har ansvaret for at alle får variert og sunn mat til kvart skulemåltid, og har tilgang til frukt og grønt minst to gongar dagleg. I tillegg er det deira ansvar å passe på at kjøkkenet er reint og hygienisk. Søknaden gjekk med andre ord knirkefritt, seier han.

Skapar viktig samlingspunkt

Kvar elev er innom skulekjøkkenet minst to gongar i løpet av ein månad, men helst fleire.

– Det kjem an på kor ofte den enkelte eleven ønsker å vere der. Det er ikkje slik at alle på Kjølsdalen Montessoriskule elskar å lage mat, men det er aldri eit problem å få alle innom kjøkkenet, seier Hals.

– Til ein vanleg skulelunsj et vi for eksempel suppe, eggerøre eller ein pastarett, og vi byter på å vere med på å lage maten. Så det er litt forskjell å ete skulebolle, ler denne gjengen.

Han er overbevist om at fokuset skulen har på skulelunsjen vil påverke borna positivt langt inn i framtida.

– Ved å få vere med på heile prosessen frå bestilling av varer til planlegging av meny, tilbereding av maten og opprydding, så lærer dei at alt heng saman. Og denne planlegginga, utføringa og oppryddingsmodellen kan ein også overføre til det meste anna i livet, sei er Hals.

Han peikar også på effektar skuleleiinga ikkje hadde venta før dei starta med lunsjprogrammet.

Linnea N. Styve (7) og Nemi Angelica Vigdal (9) kosa seg med bolle på avslutninga.

– Verdien av eit slikt dagleg samlingspunkt er uvurderleg, det skaper eit viktig samhald blant elevane. Det er også ein fin arena for oss lærarane å observere korleis kvar elev fungerer i samspel med andre. Dette er verkeleg noko vi vil satse på framover, så i sommar skal vi oppgradere skulekjøkkenet.

Vil unngå ferdigmat

Då Montessoriskulen starta opp for fire år sidan var det 1. til 7. trinn som var tilbodet ved skulen. Det siste året har tilbodet også dekka ungdomsskuletrinnet.

Kjøkkensjefen, Jakob Sætre (14), fortel at det har vore veldig lærerikt å få tilbringe så mykje tid på kjøkkenet.

– Mange veit ikkje korleis ein brukar dei ulike kjøkkenreiskapane, og det lærer vi her. I tillegg er heile opplegget med på å gjere oss klare til vi skal flytte for oss sjølve. Då blir det forhåpentlegvis enklare å lage heimelaga middag enn å kjøpe nudlar og frosen pizza til middag, seier han, og påpeikar at rolla som kjøkkensjef har passa han midt i blinken.

Jakob Sætre (14) (t.h.) har vore einaste ungdomsskuleelev ved skulen dette året og har fått rolla som kjøkkensjef. – Eg elskar å lage mat så det passar meg fint å ha litt ekstra ansvar, seier han.

– Eg likar meg veldig godt på kjøkkenet, og vil gjerne bruke mykje tid der også i framtida. Planen er å utdanne meg til kokk. Så då er det kanskje greitt med litt sjefserfaring, smiler han lurt.