– Vi meiner vi burde tatt tre poeng, og vi kjenner oss litt snytt, fortel kaptein Henning Haugen, og viser til to situasjonar han meiner er avgjerande. Blant anna forstår han lite av straffesituasjonen i andre omgang der Vik utlikna til 1-1.

– Det kjem ein ball bak vårt forsvar. Eg, Håvard (Holmøyvik) og ein av spissane sprang etter ballen. Vik-spelaren fekk avslutta og fall i etterkant av det. Eg veit ikkje heilt kven av oss han blåste på. Ingen av oss har eit kjempegodt svar på det, seier Haugen, som også peikar på ein situasjon der Kristian Lefdal jubla for scoring, medan dommaren ikkje signaliserte for at ballen var over mållinja.

– Eg var langt unna og såg ikkje situasjonen, men det kan ha vore at ballen har vore inne og så kome i retur.

Burde punktert kampen

Sjølv om kapteinen er skuffa over poengfangsten var han rimeleg godt fornøgd med innsatsen i kampen mot Vik.

– Vi kom best i gang. Vi tok tak i ballen og kom til sjansar. I tillegg hadde vi bra kontroll defensivt. Vik låg ganske lågt, venta på oss og satsa på kontringar, fortel Haugen.

– Rett etter scoringa kom Vik meir med i kampen. Dei pressa litt, men kom ikkje til sjansar. Vi kontrollerte omgangen ut, forklarar Haugen.

I andre omgang var Vik meir med i kampen og stod høgare i bana. Men utanom straffesituasjonen og ein stor sjanse på dødball, hadde eidarane kontroll på heimlaget, som hadde tatt 16 av 18 mulige poeng på heimebane før Eid-kampen.

– Vi hadde ein del sjansar og burde punktert kampen, meiner Henning Haugen.

På rett spor

Haugen har spelt på Eid sitt seniorlag i 17 år. Den 32 år gamle forsvararen seier han tar ein sesong om gangen og at det er helsa som avgjer kor lenge han blir med.

– Eg tar ei vurdering kvar vinter. Seier eg at eg er med, så er eg med heile sesongen. Fotball er kjekt uansett kva alder ein er i. Eg har slite ein del med skade, men eg har klart å trene meg opp igjen, og eg syns det har vore verdt det.

Med 17 år på A-laget til Eid har Henning Haugen sett mange spelarar kome og gå. No meiner han gultrøyene er på rett spor til resten av sesongen.

Kapteinen har sett spelarar kome og gå i sine 17 år på laget. Denne sesongen har ikkje eidarane tapt sidan 16. mai-oppgjeret mot Stryn, og Haugen meiner dei no er på riktig spor.

– Det har kome seg både med tanke på den defensive tryggleiken og i ein del av det offensive spelet. Vi manglar framleis litt på utteljinga. Men det er meir solid det vi held på med no, slår han fast.

– Eg både håpar og trur vi skal vinne den om vi held fram det spelet vi har hatt dei siste kampane. Sjølv om vi er inne i ein god periode skal det bli greitt med nokre veker fri, samanfattar 32-åringen.

Kretsligaen, menn

Vik – Eid 1–1 (1–0) Mål: 0–1 (19) Kristian Lefdal, 1–1 (72, str.) Jackson Bayubahe

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger

Gult kort: Sander Torheim Frislid og Håvard Holmøyvik, begge Eid, samt tre til Vik

Eid: S. Torheim Frislid, H. Haugen, A. Hagen Henden, E. Rosø, H. Holmøyvik, S. Grøttå, M. Henriksen, S. Lefdal, V. Høynes, R. Lillestøl Naustdal, K. Lefdal

Innbytarar: S. Hafsås, D. Haus, A. Melikyan