​Stortinget vedtok 8. juni at Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli eitt fylke frå 1. januar 2020. Det betyr at vi no kan rekne med at Kommunal- og moderniseringsdepartementet kallar saman fylkestinga i dei to fylka til eit fellesmøte.

Det er inndelingslova som seier at etter eit stortingsvedtak om fylkessamanslåing, skal Kommunal- og moderniseringsdepartementet kalle saman dei respektive fylkestinga til eit felles møte. På slike fellesmøte skal mellom anna følgjande saker drøftast:

  • forslag til namn på det nye fylket (Vestlandet/Vestlandsregionen er namnet som er brukt i intensjonsplanen til dei to fylkeskommunane)

  • talet på medlemer i det nye fylkestinget (einige om 65 medlemer i intensjonsplanen)

  • kriterium for samansetjing av, og funksjonar til, fellesnemnd etter § 26 i lova

  • val av revisor for verksemda i fellesnemnda

  • oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

Det er ikkje klårt når Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil kalle saman fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland til eit slikt møte.

Frå 19 til 11 fylke

Det historiske stortingsvedtaket om regionreforma inneber at dagens 19 fylke skal erstattast med 11 nye folkevalde regionar. Den nye fylkesinndelinga skal gjelde frå 1. januar 2020.Etter ein over ti timar lang debatt følgde Stortinget med 96 mot 73 stemmer opp Kommunal- og forvaltningskomiteen si innstilling om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland. I vedtaket slo Stortinget samstundes saman følgjande fylkeskommunar:

  • Vest-Agder og Aust-Agder

  • Buskerud, Akershus og Østfold

  • Telemark og Vestfold

  • Hedmark og Oppland

  • Troms og Finnmark

Dette inneber at Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland held fram som eigne fylke også etter 1. januar 2020. Sør- og Nord-Trøndelag er alt vedtekne slegne saman alt med verknad frå 1. januar 2018.

Nye oppgåver

Stortinget vedtok også å overføre nye oppgåver til regionalt folkevalt nivå med verknad frå 2020:

  • Eit samrøystes storting bad regjeringa syte for at regional vegadministrasjon, som har ansvaret for planlegging og drift av fylkesvegane, vert overført frå Statens vegvesen til dei nye fylkeskommunane.

  • Eit klart fleirtal vedtok at det regionale folkevalde nivået skal få overført oppgåver knytt til regional næringsutvikling frå Innovasjon Noreg.

  • Utvida avgjerdsmynde rundt prosjektstøtta til FoU-prosjekt skal overførast frå Noregs forskingsråd til dei nye fylkeskommunane.

  • Regjeringa fekk også «ordre» om å sjå på kva oppgåver som kan overførast frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) til det regionale folkevalde nivået.

Stortinget har i tillegg vedteke at fylkeskommunane skal vidareføre ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. Eit fleirtal frå H, Frp, V og KrF opna samstundes for ei prøveordning der inntil 15 kommunar som ønskjer det, kan søke om å få overta ansvaret for tannhelsetenesta frå 2020–23.

Frå før er det klart at fagskulane også for framtida skal vere fylkeskommunane sitt ansvar.

Regjeringa sette 13. juni ned eit ekspertutval som skal føreslå ytterlegare oppgåver som kan styrke fylkeskommunane. Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, er ein av sju medlemer som er oppnemnd til å sitje i utvalet.

Les heile intensjonsplanen for samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland her.