Ho var veldig begeistra og hadde utruleg mykje kunnskap om området. Ho var så fantastisk å prate med, seier Svein Inge Fosse til Fjordenes Tidende.

I tillegg til å besøke Knutholmen, Galleri Frøya og få omvising i Kalvåg, gjekk dronninga også på Veten i Bremanger og var på guida tur i helleristningsfeltet i Vingen, ifølgje Fosse.

– Eg såg i kikkerten at kongeskipet var utanfor her med flagget oppe. Plutseleg var sjaluppen nedanfor her, og dronninga lurte på om ho kunne få komme inn og sjå, og eg var ikkje vanskeleg å be, seier Fosse, som viste dronninga rundt på Knutholmen, før Jan Fredrik Fosse tok ho med til suvenirbutikken.

– Og så ønska ho omvising i bygda, så vi stakk nasen innom Galleri Frøya. Og så viste eg fram arkitekturen i Kalvåg. Etterpå banka vi på døra til møterommet på Knutholmen der Nordvestvinduet hadde møte, og dei spratt opp i grunnstilling, som soldatar, smiler Fosse.

Følgjet tok seg deretter tid til ein kaffi på Knutholmen. Kokken på kongeskipet handla breiflabb og hummar på fiskebutikken.

– Og så sende svigersonen min med trøflar om bord. Eg var stolt då dronninga sa ho hadde høyrt om kjøkkenet vårt, seier Svein Inge Fosse.