Marine Harvest skal drifte den nye undervisingskonsesjonen for oppdrett av laks og aure som Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått, og som blir knytt opp mot naturbruk- og akvakulturlinja ved Måløy vidaregåande skule.

– For Marine Harvest betyr det at vi både får vere med å utdanne nye driftsteknikarar, og at vi kan bidra til at ein har eit tilbod på skulen, seier Viktor Flister.

Nyleg tok Lovise Blålid Refvik og Daniel Steinagard, tverrfagleg eksamen i akvakultur etter vg2 ved Marine Harvest sine anlegg i høvesvis Juvika i Bremanger og Rundereim i Selje.

– Dette er viktig og framtidsretta, og lovar godt for ei positiv utvikling av oppdretts- næringa, basert på ungdommeleg engasjement og fagleg kunnskap, seier Flister.

Dei har tatt Naturbruk blå (Akvakultur) etter TAF-modellen (tekniske og allmenne fag). Den offisielle namnet på dette opplæringstilbodet er YSK (Yrkes og studiekompetanse).

Han viser til at dei ikkje berre treng driftsteknikarar ved anlegga.

– Vi har jo også bruk for folk som med høgare utdanning, og då er det ein fordel med praktisk bakgrunn, seier Flister.

Han er svært nøgd med engasjementet til YSK-elevane dei har hatt inne.

– Dei er veldig positive elevar. Dette er ungdom som både ser moglegheit i næringa og i tillegg tenker på vidareutdanning, fortel driftsleiaren.

Elevane som går Yrkes- og studiekompetanse (YSK), tidlegare TAF, vil etter fire års skulegang og praksis ende opp med både fagbrev og spesiell studiekompetanse med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og kjemi. Under utdanning kombinerer ein arbeid i bedrift med å gå på skule. I løpet av dei tre første åra går dei på skule tre dagar i veka og arbeider to dagar. Siste skuleåret har dei skule to dagar i veka og arbeid tre dagar i veka. Dei mottar lærlinglønn frå første arbeidsdag. Med denne bakgrunnen er elevane klare til for ei høgare utdanning ved høgskule eller universitet, i tillegg har dei eit fagbrev som kvalifiserer for yrkeslivet rett etter vidaregåande skule.