– Fysioterapeutane i kommunen har ventelister på fleire månader. Dette er synd, då det er ein fordel for pasientar å kome raskt til behandling, forklarer Øyen, som er privatpraktiserande fysioterapeut og har starta opp hos Kiropraktor Kvalheim i Måløy sentrum.

– I dag er det ingen andre fysioterapeutar som driv heilt privat her. Mange ønskjer å kome raskt til behandling og sidan eg ikkje har venteliste, håpar eg å kunne hjelpe folk på den måten, seier ho.

Les meir om «Likestilt» her.

Frå januar 2017 blei det innført eit vedtak som medfører at alle må betale eigenandel for behandling hos fysioterapeut.

– Å kome i gang med behandling tidleg kan føre til raskare bedring som igjen kan medføre færre behandlingar. Derfor treng ikkje behandling hos ein privat fysioterapeut nødvendigvis å bli dyrare enn behandling hos fysioterapeut med kommunal avtale, fortel Øyen.

Avhengig av marknaden

Opphavleg er 27-åringen frå Nordfjordeid, men er no busett på Stårheim. Fysioterapeuten har tidlegare arbeidd på klinikk og sjukehus i Bergen og klinikkar i hovudstaden.

– Det å jobbe på klinikk er veldig spennande og givande. Det er ikkje så mange jobbmoglegheiter her i området, så løysinga er gjerne å starte privat. Eg har jobba privat både i Bergen og Oslo, men det kan ikkje samanliknast med Måløy, så eg er veldig spent på korleis marknaden er her, seier Øyen, og legg til:

– Akkurat no var det å starte opp privat det som var alternativet, så eg får berre hoppe i det med begge beina og ta sjansen.

Førebyggande behandling

Øyen tok fysioterapiutdanninga si i København og har i tillegg tatt ein master i idrettsfysioterapi ved Norges idrettshøgskole i Oslo. Masteren fullførte ho for berre nokre veker sidan.

– Kva behandling ein nyttar kjem heilt an på kva problem den enkelte har. I nokre tilfelle kan det være aktuelt med benkebehandling, mens tilrettelagt trening kan være meir aktuelt i andre tilfelle. Behandlinga kan vere førebyggande så vel som rehabiliterande og kan gå føre seg individuelt eller i grupper, alt etter pasientens behov og ønskje, fortset ho.

– Eg ser fram til å skape min eigen arbeidsplass her i Måløy. No står det berre att å sjå om eg får dette opp å gå, seier ho.