– Noko av det er har lært av å jobbe med kommunikasjon er effekten av det enkle. God og riktig informasjon, presentert på ein måte som gjev eit godt bilete av kven du eller selskapet ditt er, og den rolla du har i samfunnet eller marknaden, fortel 26-åringen.

Les meir om «Likestilt» her.

Ho er juniorkonsulent i Oslo-avdelinga til Geelmuyden Kiese, som du også finn i Danmark, Sverige og Belgia.

Som 18-åring reiste Lena Ryde Nord frå skulebenken på Nordfjordeid til Bergen og Norges Handelshøgskule. Studieretninga blei økonomi, og fem år seinare kunne den ambisiøse jenta kalle seg siviløkonom.

– Vegen har blitt til litt medan eg har gått. Eg har valt jobb og utdanning etter interesse. Eg likte økonomifaga på vidaregåande, og å studere økonomi har gjeve mykje forståing for både samfunn og marknad. Samspelet mellom politikken, offentleg sektor og det private næringslivet er spennande, fortel eidaren.

– Det er kanskje det som har drive vala mine og den vegen eg har gått. Det fyrste eg gjorde på NHH var å bli med i studentbistandsorganisasjonen NHH Aid. Der jobba vi med Unicef for å betre utdanningstilbod i Malawi. Vi var også på felttur der, og eg søkte også praktikantjobb hos Unicef i Malawi, fortel ho om seks månader i det vesle landet i søraust-Afrika.

Ho har også hatt New York som base. Der var ho tilsett i den norske FN-delegasjonen og var med på forhandlingsprosessen finansiering for utvikling, som Norge leia.

– Eg fekk vere med inn i forhandlingsromma der slutningane blei tekne. Ei slik internasjonal erfaring har vore god å ha med seg både fagleg og for eigenutvikling. Det å arbeide utanfor Norge gjev andre perspektiv.

Den ambisiøse 26-åringen har vore med i viktige forhandlingar i FN-bygningen i New York. – Sjølv om eg er frå ein liten plass har eg alltid vore dratt mot større byar.

Lena har vore tilsett som juniorkonsulent hjå Geelmuyden Kiese Norge sidan januar.

– Ingen dagar er like, og vi jobbar med kundar i alle bransjar for å hjelpe dei med å løyse sine utfordringar både internt og eksternt. Ofte handlar det om å stille gode spørsmål.

Ho er ikkje så spesialisert enno, men nokre område har meir appell enn andre.

– Fornybar energi er interessant, men også byggebransjen og andre kundar med eit viktig samfunnsoppdrag. Energi og berekraftig utvikling og det å jobbe med store problemstillingar er ei drivkraft.

– Ein har alltid godt av å utfordre seg sjølv så ofte som mogleg. Ein må ikkje vere redd for å kaste seg over dei moglegheitene som finns der ute.

Lena har alltid vore opptatt av utdanning og karriere.

– Å ta ei god utdanning gjev deg gode sjansar til å få deg ein god jobb. Men det viktigaste du kan gjere er å velje etter interesse og motivasjon. Det kan ingen andre gje deg – det må kome frå deg sjølv.

– Det er jo definisjonen på idyll. Det er balsam for sjela, seier ho.

Og grunnen til det er mellom anna det at ein «gamal ven» av familien har vendt tilbake.

– Vi har fått tilbake den gamle hesten min, Simona. Eg hadde ho i fem år i ungdomstida, og no nyt ho pensjonisttida hjå oss igjen. Å kome heim å få ri litt er fantastisk avkopling. Då er kontoret langt vekke, smiler 26-åringen.