– Kristoffer var faktisk lærlingen min då eg var soussjef ved Restaurant Lucullus i Bergen. No jobbar han som kokk i Stockholm og er med på kokkelandslaget. Han skal servere kokke-taco i samband med gatematfestivalen, fortel initiativtakar Leon Knapskog.

Han er dei siste åra mest kjend som bakegründer og innehavar av Minibakeriet.

– I samband med SommarShopping på Eid har vi i år gjort det slik at kvar butikk har ansvar for å skape ein aktivitet. Eg har hatt ideen om gatematfestival lenge, og fann ut at vi like godt kan dra skikkeleg til når det er vår tur å skape aktivitet. Vi skal fylle gata frå gamle Moengården til Sundehjørnet med gode smakar.

Bakt potet og grilla gris

Og det er kokkar frå øvste hylle han ramsar opp:

Silje Øygard, kjøkensjef på Bien Bar i Bergen, har tidlegare jobba to år i Paris. Ho serverer franske rettar. Bente Vonheim frå Kraftstasjonen i Måløy med fortid på Lucullus i Bergen skal servere bakt potet med klippfisk og bacon. Khang Doan, ein kokk mange vil kjenne frå fjoråret då han jobba på Minibakeriet, jobbar no på Restaurant Lysverket i Bergen. Khang fekk seg kjærast på Eid og har god kontakt med miljøet. Han blir sjølvsagt å finne på ein av standane der han serverer ein av spesialitetane sine – grilla gris.

Tapas og Stad-burgar

Øyvind Haugland, barndomskompis med Knapskog frå Haugen og i dag tilsett i Minibakeriet, har ei fortid som kokk på tapasbaren Lille Escalon i Bergen. Han lagar tapas på festivalen. I tillegg til eit administrativt oppsyn sel Knapskog sjølv brød- og søtbakst utanfor eige utsal.

Mats Jonsson frå Stadlandet er meir kjend for snøbrettkøyring og surfing enn som kokk, men han stiller på gatematfestival med burgarar med produktet «pulled pork» frå sitt eige lokalmatfirma. Ikkje minst har mor til Leon, Helene Hjelle, eigen stand med dei populære natronkakene.

Kafeane Coco og Didriks flyttar ut på gata og sel høvesvis kaffi og iste. Og Øyvind Bjørlo i Bankpuben flyttar ut og sel alkoholfrie drinkar.

– I tillegg har eg kontakt med eit par andre kokkar som ikkje er stadfesta. Men det blir uansett kring ti standar med sal av mat, i tillegg til at alle lokalmatprodusentane vi har i butikken er invitert. Tanken er at du skal gå rundt og smake litt på alt.

Alle har ansvar for eiga inntekt

Konseptet til gatematfestivalen er at alle kokkane har ansvaret for sine eigne inntekter og utgifter.

– På den måten treng ikkje vi å ta all risikoen. Men eg har stor tru på at mange vil møte opp slik at festivalen blir vellukka. Signala tyder på det, seier Leon Knapskog.

Han fortel at det vil bli sett opp bord og stolar rundt omkring i gata der folk kan sette seg ned og ete. Eit telt blir sett opp i tilfelle regn. Knapskog opna Minibakeriet til påske i 2015 og fortel at det går stadig betre. Verksemda omsette for 4,3 millionar kroner i 2016 inklusiv meirverdiavgift. Det går mot større omsetnad inneverande år, fortel leiaren i verksemda med fire heiltidstilsette. Saman med eige utsal er Rema 1000 på Eid den største utsalsstaden. I Måløy er bakevarene å finne hjå Kraftstasjonen, Bakeriet Kaffibar på storsenteret og Rema 1000 i Deknepollen. På Sandane er det Lauget kaffi & kultur som er utsalsstad.

– Vi bakar 160–200 brød på vanlege dagar, og smør 40–100 sandwichar. I tillegg til søtbaksten. Vi har fått drifta opp og gå, og det går stadig betre. Skilnaden er at vi ikkje har rolege periodar lenger. I vintermånadene har vi smadra salstala frå i fjor.