– Det ser kanskje litt brutalt ut, men vi skal gjere eit stykke arbeid på demninga på den sida mot vatnet etter ferien, og då må vi tappe ned vasstanden, forklarar Nils Erik Rye Hestenes i NCC.

Arbeidet med forsterkinga av demninga i Måløy skal vere ferdig 1. desember, men entreprenøren ser føre seg at dei kan ta vasstanden tilbake til normalen før den tid.

Bakgrunnen for arbeidet som no blir gjort på demninga er eit krav frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NVE har sett konsekvensklasse på alle demningar, og den høgaste konsekvensklassa er klasse 4. Demninga i Måløy har fått klasse 4 med tanke på konsekvensen av eit dambrot. Då ser ein på tal bustadar og skadepotensial på infrastrukturen.

Arbeidet med forsterkinga starta 2. mai og prosjektet har ei kostnadsramme på totalt 14 millionar kroner.

Våde kommunen og entreprenøren har hatt eit ønske om å halde trimløypa, som går rundt vatnet, open i annleggsperioden.

– Folk har vore flinke til å halde sperringane rundt området, seier Hestenes.