– Talet fiskarar har auka det siste året. Eg har veldig god tru på næringa og det er dette eg likar å drive med, fortel Årdal.

Måløyværingen har dei siste 15 åra hatt sjarkfiske som fulltidsjobb, og har bestemt seg for å investere i ein ny fiskebåt.

– I tillegg til tru på næringa, ser eg at eg har litt liten lastekapasitet. Dei siste åra har det vore veldig enkelt å fiske torsk, forklarar Årdal, som har ei kvote på 170 tonn sild, 100 tonn makrell og 30 tonn torsk.

Bytar ut båtane

Båten han har hatt dei siste åra skal no få oppgåva med å vere hjelpefartøy for den nye sjarken på 40 fot, som er rigga for garn og not.

Årdal er ikkje den einaste lokale fiskaren som har bestemt seg for å byte ut båten. Jostein Husevåg henta for om lag ein månad sidan sin nye båt.

– No byter eg ut Havflud, som var bygd i 1978, med ein ny båt. Den er 16,65 meter og er rigga for garn, not og snurrevad. Hovudgrunnen til det er at eg har tru på fiskerinæringa. Ein ser betre prisar og betre kvotar, samanfattar Husevåg.

Han fiskar stort sett på Møre eller i Lofoten, og kvoten på torsk og seid er hovudinntekta.

– Eg har lagt på 100 tonn på torsken. Det er fridomen til å bestemme sjølv som trakk meg til fiskaryrket, seier Husevåg.

Ventar på ny båt

Øystein Færestrand har vore fiskar sidan han fullførte vidaregåande for tolv år sidan. Dei siste åtte åra har han drive for seg sjølv. No ventar han på den nye båten som kjem 1. oktober.

– Den er 13 meter og er rigga for garn. Eg har tru på næringa og fiskarar vil det alltid vere behov for. Ein ser betre prisar, og i tillegg må ein jo gjere ei fornying ein gong, fortel han.

– Den er moden for utskifting. Ein ny båt gir nye moglegheiter, gir betre tryggleik og det blir mogleg å delta på andre typar fiskeri, fortel fiskaren, som stort sett driv lokalt i området eller i Vesterålen.

Færestrand fekk i 2013 ei rekruteringskvote. Dette er kvotar som blir delt ut til fiskarar som har lyst til å satse på fiske.

– Kvotane blir fordelt på ganske få søkarar i landet, fordi kriteria rettar seg mot dei som vil leve av fiske. Dette er ei kvote som du ikkje kan selje. Rekruteringskvota eg fekk var på 58 tonn torsk. I dag har ei kvote på 103 tonn tosk nord for 62 grader og 75 tonn sør om, forklarar han, og fortel vidare at både Marius Husevåg frå Vågsøy og Asle Jørgensen frå Selje er blant dei som har fått slike kvotar dei siste åra.

Kan levere lokalt

Årdal fiskar mykje lokalt, og han set pris på at fiskarane har moglegheita til å levere fangsten lokalt til Snorre Seafood. Årdal meiner det hadde vore vanskeleg å drive om det ikkje var for bedrifta på Raudeberg.

Også Færestrand leverer den kvitfisken han fiskar lokalt på Snorre Seafood.

– Når eg fiskar heime leverer eg på Snorre Seafood. Det er veldig kjekt å ha eit mottak der vi bur, seier han.