Vegvesenet åtvarar mot farlege situasjonar som følgje av forbikøyring. Dei trekk særleg fram vegane på vestlandet som kan vere svingete og uoversiktlege. Her frå Kleiva på Stadtlandet. Arkivfoto

Vegvesenet åtvarar mot farlege situasjonar som følgje av forbikøyring. Dei trekk særleg fram vegane på vestlandet som kan vere svingete og uoversiktlege. Her frå Kleiva på Stadtlandet. Arkivfoto

Åtvarar mot farlege situasjonar

Sommaren er høgsesong for trafikkulukker og fleirtalet av desse er møteulukker.

- Om du planlegg å køyre på vestlandsvegane i sommar, så er sjansane store for at du vil oppleve å køyre bak turistar som køyrer bubil, campingvogn eller turistbussar, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Analysar fortel at det er møteulukker som er mest vanlege, og juli og august er dei månadane kor det skjer aller flest ulukker.

Arve Tjønn Rinde i vegvesenet understrekar at det ikkje alltid er lurt å køyre forbi.

- Særleg vegane på vestlandet er svingete og til dels uoversiktlege mange plassar, så eg vil råde alle til å tenkje seg om to gongar før dei utseg seg sjølv og andre for fare, seier han.

Statens vegvesen ber samtidig alle bilistar om å følgje desse råda:

  • Still deg alltid spørsmålet: treng eg å køyre forbi?
  • Skal du rekke ei ferje er det lurt å rekne ekstra tid for å vere sikker på at du når den.
  • Er det fleire i bilen - del på køyringa.
  • Ta hyppige pausar.
Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå