– Vi i Stadlandet idrettslag tenkte at det hadde vore litt kjekt om det skjedde noko på sommarstid på Stadlandet. Vi har jo så mykje å ta av, så det hadde vore fint å lage noko for heile familien, forklarar leiar i idrettslaget Margareth Leivdal.

Under fiskekonkurransen i hamna søndag fekk både Kariann Sande (t.v.) og Isabell Røkås noko på kroken. Men det skal seiast at nokre fekk større fiskar enn andre.

Dette var utgangspunktet for at Sommaraktive Stadt vart ein realitet i fjor.

– Arrangementet har blitt noko positivt som vi som bur her, folk som kjem her ifrå og tilfeldige turistar, kan vere med på. Tanken når vi lagde Sommaraktive Stadt i fjor var å skape bulyst og få det til å skje noko, fortel Leivdal.

Har fått med bygda

– I fjor var det idrettslaget som stod for all aktiviteten. Det var litt travelt. I år heldt vi litt igjen, og fekk med oss fleire arrangørar. Skyttarlaget, båtlaget, ungdomslaget, bedrifts- foreininga og Filadelfia er alle med på arrangementet. Derfor kunne vi lage Sommaraktive Stadt i år også, og no trur eg vi har klart å skape ein fast tradisjon, seier Leivdal.

Volleyball er populært blant mange under aktivitetsveka.

Årets utgåve av Sommaraktive Stadt vart starta for ei veke sidan, og blir avslutta med Korsadagen laurdag.

I løpet av den aktive veka har barn og vaksne kunne delteke på blant anna fotballturnering, volleyballturnering, aktivitetsdag i Korsen, guida fjelltur, surfing, yoga, skyting, paintball og ein eigen vassdag i hamna.

Vil ha noko for alle

Vassdagen, som Båtlaget arrangerte, var søndag, og trass i at vêret ikkje spelte heilt på lag, samla mykje folk seg i hamna for å delta på sjøaktivitetar.

Laurdag arrangerte Stad Gym ein rokonkurranse.. Om lag 200 personar var samla i Korsen denne dagen der det også var grilling og rydding av sjøbotn.

Barn og vaksne kunne blant anna få prøve kajakk eller SUP-brett, køyre tube, sitte på med Eliasbåten, delta i palleløp eller ta årets første bad.

– Vi prøver å ha eit breitt spekter av aktivitetar, slik at vi skal ha noko for alle. Ikkje berre organiserte aktivitetar, slår Leivdal fast.

Ho er godt nøgd med oppmøte under årets arrangement.

– Det er vanskeleg å seie noko om kor mange som deltar, fordi folk kjem og går. Men på aktivitetsdagen i Korsen var vi om lag 200. Det har blitt til at folk legg opp ferien sin etter når Sommaraktive Stadt blir arrangert, seier leiaren.