På kaia på Silda kan ein no kjøpe både vårrullar og delikatesser frå havet etter at Busaba "Busi" Silden og Arild Silden har starta opp med matservering.

Det var saknet etter Skjærbuda (som sist var i drift i 2015) som gav dei lysta til å skape ei tilbod for alle som bur og ferierar på Silda om sommaren. Dei fortel at restauranten først og fremst vil vere open fredagar og laurdagar i fellesferien.

– Vi startar med det og så får vi sjå, fortel dei to som allereie kan røpe at dei har større planar til neste års sesong.

Dei legg til at det var stor aktivitet på restauranten førre veke, og alle som kjem innom er veldig positive.

– Folk er glade for å ha ein slik type plass igjen, og det er tydeleg at dette har folk sakna, smiler dei.

– Eg tenkte at eg får berre prøve, også får vi tar det som det kjem, avsluttar Busaba.