Leon Knapskog i Minibakeriet er klar for den første gatematfestivalen i Eid. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Leon Knapskog i Minibakeriet er klar for den første gatematfestivalen i Eid. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Alt klart for den første gatematfesten

– No har eg fått på plass alle kokkar og stands, så no håpar vi berre på godt vêr og at mykje folk dukkar opp, seier Leon Knapskog i Minibakeriet.

Laurdag blir Eid Gatematfestival arrangert for første gong, og Knapskog har henta inn eit koppel av kokkar som skal servere mat i Eidsgata.

19 stands med matservering eller ting som har med mat å gjere blir sett opp i gata, der sju er kokkar Knapskog har henta inn.

– Eg har fått inn gamle kompisar og kollegaer. Det er landslagskokkar og kjøkkensjefar frå flotte plassar. Eg har sagt til kokkane at dei skal lage minimum 300 porsjonar kvar. Det blir ganske mykje, sidan det også er andre som serverer mat. Om det blir mat til overs så får vi lage ein skikkeleg restefest på kvelden eller søndagen. Om vi går tom, så har vi lært til neste år.

På kvelden blir det ølsmaking med Kinn Bryggeri i Bankkjellaren.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå