– Det ser kanskje litt brutalt ut, men vi skal gjere eit stykke arbeid på demninga på den sida mot vatnet etter ferien, og då må vi tappe ned vasstanden, forklarar Nils Erik Rye Hestenes i NCC.

Arbeidet med forsterkinga av demninga i Måløy skal vere ferdig 1. desember, men entreprenøren ser føre seg at dei kan ta vasstanden tilbake til normalen før den tid.

– Om alt går som det skal vil nok vatnet vere tilbake til normalen i løpet av hausten, seier Hestenes.

Innanfor tidsfristen

Øystein Solheim, (f.v.) i Vågsøy kommune, Odd-Robert Solvåg, tenesteleiar drift og anlegg, og Nils Hestenes, NCC, meiner folk har vore flinke å følge sperringane. Arkivfoto

Bakgrunnen for arbeidet som no blir gjort på demninga er eit krav frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NVE har sett konsekvensklasse på alle demningar, og den høgaste konsekvensklassa er klasse 4. Demninga ved Skramsvatnet har fått klasse 4 med tanke på konsekvensen av eit dambrot. Då ser ein på tal bustadar og skadepotensial på infrastrukturen.

Arbeidet med forsterkinga starta 2. mai og prosjektet har ei kostnadsramme på totalt 14 millionar kroner.

NCC har med seg underleverandørane Fundamentering AS og Sandal Maskinentreprenør AS. I tillegg er det Vågsøy Ferdigbetong som skal levere betongen til prosjektet, totalt om lag 1.600 kubikk.

I kontakt med publikum

I perioden med støyping vil det bli mykje store bilar i trafikk til og frå Skramsvatnet. Hestenes understrekar at dei har god kontakt med Trollskogen barnehage som ligg i området.

– Enkelte dagar blir det mykje trafikk, men då gir vi beskjed, fortel Hestenes.

Både frå kommunen og entreprenøren si side har ein hatt eit ønske om å halde trimløypa, som går rundt vatnet, open i anleggsperioden. Dette har ein klart, og entreprenøren rosar brukarane av løypa for at dei har følgt skiltinga.

– Det tok litt tid for folk å finne ut av kvar dei skulle gå. Men folk er blide og greie, og dei har vore flinke til å halde sperringane rundt anleggsområdet, seier Hestenes.