Etter at Linea Midtbø Helgestad på kort tid drog i gang ein innsamlingsaksjon for sin ALS-ramma venn Svein Falkevik og forsking på sjukdommen, har raudebergaren samla inn 553.000 kroner.

– Det er veldig kult. Eg synest det er veldig morosamt at eg har klart å samle inn så mykje pengar, seier Linea Midtbø Helgestad.

– Trudde du at de ville klare å samle inn så mykje pengar?

– Nei, det var ikkje i våre villaste draumar! Tenk om vi fekk ein halv million snakka vi om, og då vi fekk 200.000 kroner frå Beate (Lotto-millionær Beate Jensvoll frå Måløy har bidrege med 200.000 kroner, journ.anm.) så fekk vi håp om ein høgare sum, seier Linea.

– Eg trur mange blir glade for at nokon bryr seg om saka.

Linea meiner at fleire kan vere flinkare å gje utan at det er innsamlingsaksjon.

– Ein kan berre sette inn pengar på ein konto, oppfordrar ho.

Takkar for støtta

20. mai stod ho i bresjen for støttekonserten til inntekt for ALS-forsking i Samfunnshallen kor nær 700 personar møtte.

– Vil du starte fleire aksjonar?

– Eg tenker det, men pappa og mamma prøvar å halde meg litt nede på jorda. Det blir frykteleg vanskeleg å toppe det vi gjorde 20. mai, seier ho.

– Det var mykje jobb, men når ein ser kva ein sit igjen med i etterkant så er det fantastisk. Vi vil takke Vågsøy-samfunnet for at så mange har stilt opp. Utan dugnadsinnsatsen i samband med konserten og pengane som er gitt hadde det ikkje gått, så er det heilt fantastisk. Både bedrifter og private har vore fantastiske og gitt pengar, seier Midtbø Helgestad og fortset:

– Vi føler at vi har fått lov å belyse saka, som var det viktigaste for oss. Så har vi fått i rikt monn tilbake, både økonomi og støtte frå Vågsøy-samfunnet, og Norge elles, seier Midtbø Helgestad.

– Vi hadde ikkje klart det utan at folk hadde stilt opp på dugnad. Tenk på alle timane som er lagt ned, til dømes av grupper på konsertøving. Ingen namn nemnt, og ingen gløymt, avsluttar ho.