Forfattaren Maria Parr frå Fiskå i Vanylven har hatt stor suksess med sine to første bøker, Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Til hausten kjem hennar tredje bok ut i Norge og hennar andre bok ut på engelsk. – Det er veldig viktig for meg at ungar får vere ungar. Eg har lyst til å skrive for begge kjønn, seier Parr. Her frå oppsettinga av Tonje Glimmerdal på Det Norske Teateret i 2013. Foto: Odd Inge Rand
(Foto: Odd Inge Rand)

Forfattaren Maria Parr frå Fiskå i Vanylven har hatt stor suksess med sine to første bøker, Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Til hausten kjem hennar tredje bok ut i Norge og hennar andre bok ut på engelsk. – Det er veldig viktig for meg at ungar får vere ungar. Eg har lyst til å skrive for begge kjønn, seier Parr. Her frå oppsettinga av Tonje Glimmerdal på Det Norske Teateret i 2013. Foto: Odd Inge Rand Foto: Odd Inge Rand

«Likestilt – Tilbakeblikk»

Såg eit skrikande behov for jenter i litteratur

Kvar søndag gir vi deg eit tilbakeblikk på sakene som har vore på trykk i samband med reportasjeserien «Likestilt» i Fjordenes Tidende. «Likestilt» ser nærare på kvinner sin kvardag i 2017.

Forfattar Maria Parr sin karakter Tonje Glimmerdal var i utgangspunktet ein gut, men så oppdaga forfattaren at det var eit skrikande behov for sterke jenter i barnelitteraturen.

– Eg byrja å skrive boka om Tonje Glimmerdal medan eg skreiv masteroppgåve om barnelitteratur i 2009. I samband med studiane las eg ein artikkel av litteraturvitaren Nina Méd. Ho hadde undersøkt 100 norske barnebøker som var skrivne etter 2000 på jakt etter heltinner. Ho hadde rett nok ganske strenge krav, men ho fann nærast ingen, fortel forfattaren frå Fiskå i Vanylven, og fortset:


– Tonje var på dette tidspunktet ein gut. Eg vart flau og artikkelen fekk meg til å sjå annleis på temaet. Til slutt vart det eit lukketreff. Når Tonje vart Tonje fall ting på plass.
Samanlikna med Pippi

Når Parr skal trekke fram sitt eige førebilete er ho ikkje i tvil om at det må vere Astrid Lindgren.

– Tonje Glimmerdal blir ofte samanlikna med Pippi, men for min eigen del har det alltid vore Ronja Røverdatter som har fasinert meg mest, forklarar ho.


Likestilt:

Får flere kvinner fram i avisa

I februar hadde Fjordenes Tidende tre ganger så mange menn på forsiden av avisa som kvinner. I mars ble statistikken nærmest snudd opp ned.

Sjølv ønskjer forfattaren å skrive for alle ungar, ikkje berre jenter eller gutar.

– Å lage hovudpersonen til ei jente som alle kan lese om er ei kjekk utfordring. Om ein skal lage ein nøytral hovudperson, så blir det ofte ein gut. Det er ikkje eit problem for ei jente å lese ei «gutebok», men det er vanskelegare andre vegen. Å slå ned veggane innanfor dette hadde vore bra. Litteraturen skal utvide oss, ikkje avgrense oss, seier ho.

Parr har to jenter, og set pris på ein mangfaldig barnekultur.

– Sjølv var eg veldig glad i prinsesser, i tillegg til alt det andre, då eg var lita, og eg var nyleg og såg Skjønnheten og udyret. Det kan vere fine rollemodellar der også. Men det eg blir oppgitt over er at ein skal tenke så stereotypt om jenter og gutar. Dette har blitt verre sidan eg sjølv var lita. I dag kan ein gå inn i ein bokhandel å finne eigne kokebøker for jenter og gutar. Her må vi som vaksne vere bevisste på kva val vi tar.

Lar ungar vere ungar

Gjennom boka Tonje Glimmerdal blir vi kjent med Tonje som er det einaste barnet i Glimmerdalen. Ho er besteven med ein sauebonde som er ein 74 år gamal ungkar. Gjennom boka oppdagar Tonje at han har ei hemmelegheit som skapar trøbbel.

– Eg hugsar sjølv godt då eg kom opp i den alderen der eg skjønte at alle var ikkje anten gode eller vonde, og at den ein set høgst av alle ikkje er ufeilbarleg, slik som ein gjerne har trudd, seier Parr.


"Likestilt":

Hun vil ha flere kvinner på scenen

– Av de 100 mest spilte artistene på norsk radio i 2015, var 23 kvinner. Og kun 3 kvinner har blitt Årets spellemann siden 1983.

Boka har hausta gode tilbakemeldingar og Parr har vunne fleire prisar for forteljinga om Tonje. Blant anna har ho vunne Brageprisen, Kritikerprisen for beste barnebok og Ole Vig-prisen. Parr var også nominert til Kulturdepartementet sin barnebokpris.

– Det blir trekt fram at Tonje er ei sterk og handlande jente som er aktør i eige liv, fortel ho.

Men for forfattaren er hovudpersonen først og fremst eit barn.

– Det er viktig for meg at ungar får vere ungar. Eg vil skrive til begge kjønn. Då eg skreiv boka om Tonje var det eit skrikande behov for sterke jenter i barnelitteraturen. Eg trur dette er annleis no. Dette er ikkje eit prosjekt eg kjem til å halde på med heile livet, seier Parr.

I haust kjem boka Keeperen og havet, som er ein frittståande oppfølgar av Vaffelhjarte. På same tid kjem boka om Tonje Glimmerdal ut på engelsk. Den har fått tittelen Astrid the unstoppable.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå